Høgskolen i Tromsø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Høgskolen i Tromsø (HiTø) var ein høgskole i Tromsø som vart etablert 1. august 1994 og slått saman med Universitetet i Tromsø 1. januar 2009.

HiTø hadde omkring 3 000 studentar og 300 tilsette (2006-tal). Høgskolen var ein av 24 statlege høgskolar i Noreg og var eit resultat av at fire statlege høgskolar i Tromsø vart slått saman som ein del av Høgskolereformen i 1994. Dei fire høgskolene som fusjonerte var Tromsø helsefaghøgskole, Tromsø maritime høgskole, Nord-norsk Musikkonservatorium og Tromsø lærerhøgskole.

Høgskolen tilbaud fag- og profesjonsstudi innan kunstfaga musikk, dans og drama, ulike helsefag, ingeniør- og økonomifag og lærarutdanning. Desse kunne takast i varierande lengder frå halvårseiningar til bachelorgradar, mastergradar og nokre doktorgradstudie, samt ei rad kurs-, etter- og videreutdanningar.

Dei fire fakulteta ved høgskolen var:

  • Avdeling for helsefag
  • Avdeling for ingeniør- og økonomifag
  • Avdeling for kunstfag
  • Avdeling for lærerutdanning

Høgskolen tilbaud internasjonalisering av studia, både høve for å ta delar av den ordinære utdanninga i utlandet, eller ved å halde fram å utdanne seg i utlandet etter endte studie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]