Høgskulereforma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Høgskolereformen)

Høgskulereforma var namnet på prosessen der 98 mindre statlege høgskular med verknad frå 1. august 1994 blei slått saman til 26 større einingar.

I tillegg blei ei rekkje kunstfagutdanningar samla i to kunsthøgskular, ein i Bergen og ein i Oslo.

Målet med reforma som blei initiert av dåverande statsråd Gudmund Hernes var at høgskulane skulle drivast meir effektivt med hjelp frå stordriftsfordelar.

Hernes leia før han blei statsråd det offentlege utvalet som i NOU 1988:28 Med viten og vilje lanserte tanken om samanslåing og samlokalisering av høgskulane. Han ville at lærarkrefter som tidlegare blei brukt til administrative oppgåver heller skulle setjast til undervising og forsking. Stortingsmelding nr 40 (1990-91) Fra visjon til virke, om høgre utdanning frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet blei lagt fram av Hernes som statsråd.

Ei evaluering av reforma frå Norsk institutt for forsking og utdanning etter fem år slo fast at den ikkje hadde lykkast med måla og at den meir effektive drifta som blei målt i stor grad kom som ei følgje av lågare statlege løyvingar, og ikkje meir effektiv drift. Reforma gav dessutan faglærarane meir administrativt arbeid.

Høgskulereforma førte til at kvart fylke fekk kvar sin høgskule, sett bort frå Agderfylka som delte ein skule. Fleire fylke hadde fleire høgskular, der Møre og Romsdal og Nordland toppa med tre kvar.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]