Høgskolen i Telemark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Høgskulen i Telemark)
Høgskolen i Telemark
Grunnlagt1994
TypeStatleg høgskule
StadBø kommune
Studentar6 500
Tilsette650
Nettstadhttp://www.hit.no/ (norsk)
Erstatta avHøgskolen i Søraust-Noreg

Høgskolen i Telemark (HiT) var ein statleg høgskule i Telemark fylke som blei skipa i 1994 og slått saman med Høgskolen i Buskerud og Vestfold til Høgskolen i Søraust-Noreg i 2016[1], som no er Universitetet i Søraustst-Noreg.

HiT vart skipa 1. august 1994. Høgskulen vart danna gjennom samanslutninga av fire statlege høgskuler som ein del av Høgskulereforma i 1994. Desse fire høgskulane var Telemark distriktshøgskole (Bø), Telemark ingeniørhøgskole (Porsgrunn), Telemark lærerhøgskole (Notodden/Rauland), og Telemark sjukepleierhøgskole (Skien). Fellesadministrasjonen til HiT låg i Porsgrunn. Han var ein av 19 statlege høgskular i Noreg, med avdelingar i , Rauland, Notodden og Porsgrunn. HiT hadde om lag 140 studietilbod, om lag 7 000 studentar og 600 tilsette.

4. juni 2015 vedtok styret ved HiT at dei ønskte ein fusjon med Høgskolen i Buskerud og Vestfold. Fusjonsdatoen vart sett til 1. januar 2016 under namnet Høgskolen i Søraust-Noreg.[1] Den nye høgskolen vart den nest største i Noreg, med om lag 18 000 studentar og 1 500 tilsette.[2] I 2018 vart høgskulen gjort om til Universitetet i Søraust-Noreg.

Fag[endre | endre wikiteksten]

Høgskulen hadde tillbod om fag- og profesjonsstudier innan almenvitskaplege fag, estetiske fag, helse- og sosialfag og teknologifag på bachelor- og mastergradsnivå, yrkesutdanning i tillegg til etterutdanning

Dei fire avdelingane ved HiT var:

  • Avdeling for allmennvitskaplege fag (Bø)
  • Avdeling for estetiske fag, folkekultur og lærarutdanning (Notodden/Rauland)
  • Avdeling for helse- og sosialfag (Porsgrunn)
  • Avdeling for teknologiske fag (Porsgrunn)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Historisk fusjonsvedtak, henta 27. februar 2017 
  2. Om Høgskolen i Sørøst-Norge – HSN, henta 27. februar 2017 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]