Høle skipreide
Utsjånad

Høle skipreide var den sørlegaste av skipreidene i Ryfylke.[1]
Geografisk område etter gammal inndeling:
- Høle sokn vest for Høgsfjorden og (i den del som 1852 vart utskilt som Forsand sokn) sør for Espedalsåna/Eikjeland og nord for Maudal.
- søraustlegaste delen av Høyland sokn (noverande Svihus krins)
Geografisk område etter noverande inndeling:
- austre delen av Sandnes kommune (Høle bydel og krinsane Svihus og Seldal i Sviland bydel)
- austre delen av Gjesdal kommune (Oltesvik og austover, unnateke Maudal)
- sørlegaste kanten av Forsand kommune (gardane Mæle og Kleppa)
Opphavleg inngjekk også austre delen av Hetland sokn (same område som 1877 vart utskilt som Riska sokn), og storparten av Gjesdal sokn, men ein gong på 1600-talet vart Riska-gardane overførte til Gand skipreide og Gjesdal gjekk in i den nye Gjesdal skipreide.
På Vestlandet vart skipreidene avløyste av tinglag først i begynninga av 1800-talet. Høle skipreide vart nemnd Høle tinglag, og frå 1841 femna det om Høle og Forsand sokner.[2]