Hølje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei hølje er eit lågare parti på ei nedbørsmyr. Høljene har laus botn og opptrer i veksling med høgre tuestrenger. I ei myr som er under oppbygging, vil det vere tilvekst av torvmosar i dei våte høljene.[1]

I høljene veks det mange artar torvmosar. Elles er torvull og rome døme på planteartar som i atlantisk klima veks på høljer med fastmatte, mens ein i høljer med mjukmatte kan finne kvitmyrark og dystarr.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Moen m.fl., side 19 og 22/76
  2. Moen m.fl., side 42/76