Høllefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Høllefjorden er ein fjord i Søgne sør for Høllen og Tangvall, kommunesenteret i Søgne. Fjorden har tre innløp, sundet Springedansen nord for Ny-Hellesund som går aust til Hellesundfjorden, eit mellom Ny-Hellesund og Skarpøya, og eit vestleg innlp mellom Skarpøya og Kjeholmane. Fjorden strekkjer seg om lag 3 km nordover til Høllen. Årosstranda ligg på austsida av fjorden. Ved Høllen går det ein fjordarm, eller eit estuar, inn til munningen av Søgneelva. Det går ei om lag 100 meter lang bru over denne fjordarmen.

Vest for Høllefjorden ligg Torvefjorden.