Hønefoss kyrkje (1862–2010)
Hønefoss kyrkje | |||
kyrkje | |||
Foto: Tom Bjørnstad | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Tunsberg | ||
Prosti | Ringerike | ||
Sokn | Hønefoss | ||
Fellesråd | Ringerike | ||
Type | langkyrkje | ||
Arkitekt | Christian Heinrich Grosch/Arnstein Arneberg (1952) | ||
Teknikk | lafta | ||
Material | furu | ||
Innvigd | 10. desember i 1862. | ||
- Endringar | brann ned 2010 | ||
Kyrkjegard | ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | ca. 350 | ||
![]() Hønefoss kyrkje (1862–2010) | |||
Wikimedia Commons: Hønefoss kirke (1862–2010) | |||
Hønefoss kyrkje var ei langkyrkje frå 1862 i Ringerike kommune, Viken. Kyrkja brann ned til grunnen 26. januar 2010.
Kyrkjetomta ligg midt i Hønefoss, som er kommunesentrum i Ringerike kommune. Kyrkja er prostesete i Ringerike prosti og har eigen gravlund, gravkapell, krematorium og eit moderne forsamlingslokale kalla «Kirkestua».
Bygningshistorie[endre | endre wikiteksten]
Da Hønefoss fekk bystatus i 1852, vart det viktig å arbeide for at byen skulle få si eiga kyrkje. Til å begynne med var det ein viss debatt om ein skulle ha ei kyrkje av stein eller tre, men av økonomiske grunnar valde ein ei trekyrkje. I 1858 vart den kjende kyrkjearkitekten Christian Heinrich Grosch engasjert til å teikne kyrkja, som han gjorde i første delen av 1859. Kyrkja vart vigsla 10. desember 1862. Eit nytt kapell til kyrkja vart vigsla 21. juli 1894.
Kyrkja vart ombygd i åra 1950-1952. I mange år var ho kvitmåla, som er den vanlegaste kyrkjefargen i Noreg, men i 1998 vart ho måla i dei opphavlege fargane att.
Brann[endre | endre wikiteksten]
To år før det planlagde 150-årsjubileet til Hønefoss kyrkje, den 26. januar 2010, oppstod det brann i kyrkja.[1] Frå brannen blei varsla gjekk det ti minutt til bygningen var overtent. Kyrkja brann ned til grunnen.[2] Berre døypefatet og noko av kyrkjesølvet vart redda frå kyrkja. Årsaka til brannen var feil på det tekniske anlegget.[3]
Ei ny kyrkje stod ferdig i 2017 og vart vigsla 10. desember.[4]
Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]
Kyrkja var bygd som ei einskipa langkyrkje av tre med saltak. Skipet hadde vesttårn og kor i same breidde som skipet. I vesttårnet hang det to kyrkjeklokker, begge støypte av A. O. Holte på Toten. Skipet hadde dessutan vestportal og ein utradisjonell nordportal.[5]
Interiør[endre | endre wikiteksten]
Kyrkja fekk orgel frå ho var ny. Dette vart bygd av orgelbyggjar A. Gomnæs. Gomnæsorgelet vart skifta ut med eit nytt orgel frå J. H. Jørgensen i 1889. Det nye orgelet hadde 10 stemmer og 459 piper. I 1940 vart orgelet igjen bytt ut med eit nytt, som hadde 22 stemmer og 1359 piper. Dette orgelet vart restaurert i 1998.
Galleri[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Hønefoss kirke har brent ned, nrk.no (26.01.2010)
- ↑ TV 2 Nyhetene: Hønefoss kirke brant til grunnen
- ↑ Karstensen, Heidi Elisabeth Odde (26. januar 2015), «Fem år siden brannen i Hønefoss kirke», NRK (på norsk bokmål), henta 27. oktober 2022
- ↑ «Hønefoss nye kirke vigslet 10. desember», Den norske kirke (på norsk bokmål), henta 27. oktober 2022
- ↑ Andreas Gjerdi, «Ringerikes kirker», 1973
- Denne artikkelen bygger på «Hønefoss kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 26. januar 2010.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Den norske kyrkja på Ringerike
- Hønefoss menighet om kyrkja Arkivert 2008-03-11 ved Wayback Machine.
- Hønefoss kyrkje (1862–2010) i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- (de) Kirker i Norge (Kirchen in Norwegen)