Hønefoss stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stasjonsbygningen på Hønefoss stasjon sett frå perrongen, med Randsfjordbanen til Drammen til høgre på fotoet og Roa-Hønefosslinja til venstre.
Hønefoss stasjon i 1900.

Hønefoss stasjon er ein jernbanestasjon på Bergensbanen og Randsfjordbanen gjennom Hønefoss i Ringerike kommune og vart opna då Randsfjordbanen stod ferdig i 1868. Stasjonen ligg 96,8 meter over havet attmed Ådalselva, tett ved Hønefossen og om lag ein halv kilometer frå sentrumsområdet i byen.

Den stasjonsbygning som står på stasjonen no, vart teken bruk i 1909 i samband med at Bergensbanen vart opna. Bergensbanen hadde då sitt utgangspunkt på Roa stasjon i Lunner, der toga gjekk på Gjøvikbanen til og frå Oslo. Men frå slutten av 1980-åra vart det til at persontoga vart køyrd over Hokksund og Drammen, og strekninga mellom Hønefoss og Roa stasjonar har no namnet Roa-Hønefosslinja. Rekna over Roa er strekninga til Oslo Sentralstasjon på 89,57 kilometer, men rekna over Drammen på 112,8 kilometer.

Stasjonsbygningen er teikna av arkitekt Paul Due, som var arkitekt ved NSB i åra 1891–1910 og har stått for fleire stasjonsbygningar i ulike stilartar. Bygningen er oppført i jugendstil i pusset teglstein, og ligg ved inngangen til perrongen, som dannar ei halvøy ut mellom det sporet som går til Roa og har namnet Roa-Hønefosslinja og det sporet som går til Drammen, altså Randfjordbanen, som persontoga på Bergensbanen no nyttar. I første høgda på stasjonsbygningen hadde den store Jernbanerestauranten tilhald fram til 1972, og i andre høgda var det husvære for stasjonsmeisteren. Jernbaneverket har folk tilsett på stasjonen, og det er framleis venterom for ferdafolket, men ikkje billettsal eller billettautomat.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]