Hopp til innhald

Hønensteinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Runene på Hønensteinen.

Hønensteinen var ein runestein som vart funnen ein gong før 1817 på garden Hønen i NorderhovRingerike (garden heiter no Ringvoll), like ved Norderhov kyrkje. Steinen gjekk tapt ein gong etter 1825. Runene er av same type som dei på Dynnasteinen, noko som daterer innskrifta til ca. 1040.

I 1823 vart steinen avteikna og skildra av antikvaren Lorentz Diderik Klüwer. Han skildrar funnstaden som ein svær gravhaug som skal ha lege i området mellom Tanberggardane og Hønen. Steinen hadde lege rett under markoverflata, og han var to alen lang, åtte tommar brei og fire tommar tjukk. Runene var rissa inn langs den eine sidekanten, dei var svakt innteikna, men Klüver fekk laga ei god avteikning. Rapporten til Klüwer, som låg oppbevart på ved Bergen Museum, kome bort ein gong på 1830-talet. Heldigvis fekk Wilhelm F.K. Christie høve til å ta ein avskrift av Klüver sitt manus før det forsvann. Ut frå dette har Sophus Bugge tolka innskrifta til:

Ùt ok vitt ok þurfa
þerru ok àts
Vinlandi à isa
i òbugd at kòmu
auð mà illt vega
[at] deyi àr

Bugge si omsetjing var:

De kom udi (i Havet) og over store Strækninger og trængende til Klæde at tørre sig paa og til Mad bort imod Vinland op paa Ise i Ubygden. Ondt kan tage Lykken bort, saa man dør tidlig.

Sophus Bugge si tolking vekte oppsikt, og eggja blant anna Fridtjof Nansen til å spekulera på norrøn busetjing i Vinland. Andre var ikkje fullt så entusiastiske, og trekte fram dei viktige kjeldekritiske argumenta mot å stola for mykje på teksta. I 1951 presenterte Magnus Olsen si tolking av innskrifta, òg etter manuskriptet til Christie:

utuk uit urba þiruu(k) as uin ka(lt) a isa inbuk þa þk(ua)mn auþmilt uika tani ar

På norrønt skulle dette verta, ifølgje Olsen:

Ut ok vitt ok þurfa
þerri ok áts
vindkalda á ísa
i óbygd at koma.
Auð má illt vega,
at deyi ár

Omsett til moderne norsk skulle dette verta:

Ut (mot vest) og fjernt (over havet) og trengende til håndklede og mat kom de inn (til land) opp på vindkalde iser, (fram) i ubygd. Ondt at man skal dø tidlig - kan ta lykken bort.

Med «ubygd» meiner Olsen at ein heller burde tolka det som austkysten av Grønland.

Biletkunstnaren Harald Vibe (1877–1965) skreiv ein artikkel om denne steinen, på side 30 i det lokalhistoriske tidsskriftet Heftet Ringerike i 1954. Innskrifta har mange gonger vorte trekt fram i samband med problematikken kring kontakten med Vinland, men ho vert generelt sett på som sterkt omdiskutert.

Litteratur

[endre | endre wikiteksten]