Hønseegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Speilegg.

Hønseegg er den vanlegaste eggtypen i matlaging.

Egga kan vera hovudingrediensen i rettar som speilegg, kokt egg og omelett, eller brukast som bindemiddel i ei rekke andre rettar, som pannekaker, vaflar og sufflé.

Egg frå frittgåande høns.

Hønseegg får ein frå burhøns (høner innesperra i tronge bur), frittgåande høner (høner som får gå fritt rundt inne i store hønsehus) og «økologiske» høner (høner som får gå fritt rundt både inne og ute, og som får økologisk mat).

Hønseegg kan vera kvite, brune og alle nyansane derimellom.

I Noreg vert det brukt tre typar hybridar til eggproduksjonen; shaver, hyline og loman. Hybriden hy-line er særs god til bruk i frittgåande system. Ho har blant anna ei ekstra tjukk fjørdrakt.

Spire Denne matartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.