Hønsehauk
| Hønsehauk | |
Hønsehauk | |
| Utbreiing og status | |
| Status i Noreg: Utbreiinga av hønsehauk | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Klasse: | Fuglar Aves |
| Orden: | Haukefuglar Accipitriformes |
| Familie: | Haukefamilien Accipitridae |
| Slekt: | Astur |
| Art: | Hønsehauk A. gentilis |
| Vitskapleg namn | |
| Astur gentilis | |
Hønsehauken (Astur gentilis) er ein mellomstor rovfugl i haukefamilien som held til i tempererte strok av den nordlege halvkula. Arten var på norsk raudliste 2006, der han hadde status som sårbar, men var i 2010 justert ned til nær truga, i 2021 tilbake til sårbar.[1]
Skildring
[endre | endre wikiteksten]
Hønsehauken er den største arten i slekta Accipiter. Hannfuglen er 49-57 cm lang, med eit vengespenn på 19-105 cm. Hoa er mykje større enn hannen, med ein kroppslengde på 58-64 cm og eit vengespenn på 108-127 cm og kan vega opptil 2 kg. Hannen er blågrå ovenpå og spragla grå under, medan hoa er skifergrå over og grå under.
Fuglen har korte, breie venger og ein lang stjert som hjelper han å styra mellom trea i skogane han lever i. Hønsehauken flyg karakteristisk med fem seine vengeslag og så glideflukt.
I kulturen
[endre | endre wikiteksten]Hønsehauken er avbilda på flagget til Asorane.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]- Reiret til hønsehauken i eit gammalt bjørketre.
- Hønsehaukegg
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Hønsehauk», www.artsdatabanken.no (på norsk bokmål), henta 25. november 2021
- Denne artikkelen bygger på «Goshawk» frå Wikipedia på engelsk, den 16. november 2008.