Høre stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Høre stavkyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Vang
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Valdres
Sokn Høre
Fellesråd Vang
Type langkyrkje
Teknikk stavverk
Material tre
Kart
Høre stavkyrkje
61°9′11″ N 8°48′17″ E
Wikimedia Commons: Høre stave church

Høre stavkyrkje (Hurum stavkyrkje) er ei stavkyrkje frå 1179 i Ryfoss i Vang kommune i Innlandet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Høre stavkyrkje og Kviengardane, frå 1880

Kyrkja vart bygd med tre hogd i 1179 i fylgje ei runeinnskrift i kyrkja. Årringdateringa viser til 1179 så dette verkar som det er rett.[1] Dette skal vere den stavkyrkja med sikrast datering.[2] Seinare er kyrkja ombygd i 1822-23, då ho vart utvida.[1]

Dette er den andre kyrkja på same staden. Den fyrste kyrkja her var ei lita stolpekyrkje med jordfaste stolpar.

Under kyrkja er det graver, også for born. Nokre av gravene er brukt for å datere den fyrste kyrkja på staden.

På staven inne i preikestolen er det ei runeinnskrift:

«Þá, um þat sumar [létu] þeir brœðr Erlingr ok Auðun hôggva till kirkju þessar, er Erlingr ja[rl fe]ll í Niðarósi», — Den sommaren då brørne Elling og Audun lét hogge (tre) til denne kyrkja, fall Erling Jarl i Nidaros. Erling Skakke fall i Nidaros i 1179.

Det finst fleire runeinnskrifter rundt i kyrkja, og gamle gjenstandar med slike.

Også i Hegge stavkyrkje er det ei innskrift som er litt overraskande, og som lyder «Erling Arnson skreiv desse runene». Ein skal vere forsiktig med å tolke, men det kan vere same Erling.

Det er ikkje usannsynleg at hertug Skule vart gift i denne kyrkja på 1200-talet. Andre kjelder seier at mor og far til Hertug Skule gifte seg i Høre stavkyrkje på 1200-talet.

Kyrkjebygningen[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja teikna av G.A. Bull i 1853

Den opphavlege takryttaren i kyrkja er no portal inn til kyrkjegarden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Kulturminnesøk, «Høre stavkyrkje», kulturminnesok.no (på norsk bokmål), henta 7. august 2019 
  2. Anker, Peter (1997): Stavkirkene: deres egenart og historie. Cappelens kunstfaglige bibliotek. Oslo: Cappelen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]