Høstadfunnet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

63°22′10.286″N 10°9′2.4516″E / 63.36952389°N 10.150681000°E / 63.36952389; 10.150681000

Høstadfunnet er eit arkeologisk funn i Golåsmyra på garden Høstad på Byneset, vest for Trondheim i 1899.[1] Arbeidaren Knud Byahagen fann 13 gjenstandar av tre då han grov i torva. I dag er 11 av desse bevart ned NTNU Vitskapsmuseet. Funnet i myra er ein av dei mest sjeldsynte treskattane i Nord-Europa[2]. Ved hjelp av C-14 metoden har ein tidfesta fleire av gjenstandane til rundt 800 f. Kristus[1]. Av dei 11 godt bevarte gjenstandane er det 10 koppar eller kar og ein skammel. Det er to større fat, ein stor bolle og sju mindre skåler. Fleire av gjenstandane er utskorne. Den mest dekorerte er skammelen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Guhnfeldt, C., Nordmenn har skålt i 2900 år, Aftenposten 2. april 2011.
  2. Årshefte 2012, Byneset historielag, 2012