Høvåg kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°10′3.5″N 8°15′0″E

Høvåg kyrkje
kyrkje
Høvåg kirke.JPG
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Vest-Nedenes
Sokn Høvåg
Fellesråd Lillesand
Type T-forma kyrkje
Material Stein og tre
Innvigd 1100-talet
 - Endringar M.a. 1767, 1828, 1831, 1878, 1900, 1913, 1934–66, 2011
Klokker 2: 1660 (Hans Meyer) og 1937 (O. Olsen & Søn)
Kyrkjegard Ved kyrkja og borti vegen
Preikestol Renessansestil, 1600-talet
Døypefont Ca. 1900
Altartavle Renessansestil, 1600-talet
Orgel J.H. Jørgensen, 1966
Sitjeplassar 315
Wikimedia Commons: Høvåg kirke
Altartavle
Foto: Kulturminnebilder.no

Høvåg kyrkje er ei T-forma kyrkje i Lillesand kommune i Aust-Agder.

Kyrkja vart truleg oppført på 1100-talet som ei om lag 10 meter lang langkyrkje. Ho vart forlenga vestover til om lag dobbel lengde av Lars Albretsen Øvernes. i 1767. Nordfløya (med noverande hovudinngang) vart bygd i 1828. Kyrkja vart forlenga og fekk takryttar i 1831. Sistnemnde vart fornya i 1878. Omkring 1900 fekk kyrkja nytt våpenhus på nordfløya. Det vart fornya i 1913. I 1960 vart våpenhuset under takryttaren gjort om til møterom. Seinare er det ominnreidd til dåpsventerom.

Også interiør og inventar har vorte endra ein god del. Det vart måla over omkring 1900 og restaurert i perioden frå 1934 til 1966. Kyrkja vart vøla i 2011.

I tillegg til kyrkjegarden attmed kyrkja er det ein annan kyrkjegard eit par hundre meter borti vegen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]