Høvesdikt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Høvesdikt eller leilegheitsdikt er eit dikt skrive til eit spesielt høve. Det kan dreia seg om dikt skrivne til private familiehendingar, som fødselsdag, bryllaup, dåp, konfirmasjon eller gravlegging, eller til ei offentleg samfunnshending, som kroning eller gravlegging av ein kongeleg. Dikta kan altså anten ha visse personar som mottakarar (og framførast når desse personane er til stades), eller retta seg til allmugen.

Nokre høvesdikt er skrivne til melodiar for å syngast som ein høvessong, andre er utan melodi. Ein kan kopiera dei opp og dela dei ut til deltakarane på ein fest eller ved ei anna sosial hending, eller dei kan trykkast anonymt eller med namn i aviser.

Mange høvesdikt er rosande, med positive skildringar av av den som til dømes har fødselsdag. Det finst òg leilegheitsdikt som inneheld kritikk, anten vennleg kritikk eller bitande angrep på personar eller grupper. Spottande, ironiske vers og hyllande, lovprisande vers er ytterpunkta. Dei fleste høvesdikt inneheld meir ros enn ris.

Nokre føretak og institusjonar har ein «husdiktar» som lagar høvesdikt. Desse kan lagast til kjende melodiar, som så blir sungne ved jubileum, feiringar for dei tilsette og liknande. Det hender òg at kjende diktarar skriv høvesdikt, anten på oppdrag eller av eige initiativ. Bjørnstjerne Bjørnson skreiv ein god del høvesdikt, blant anna Kantate ved Hundreårs-festen for Norges vel i 1909.

I lyrikksamlingar finst det vanlegvis få høvesdikt, fordi slike dikt har låg litterær status. Dei har dessutan ofte eit meir episk (forteljande) preg enn lyrisk.

Frå høvesdikt er det glidande overgangar til blant anna rimbrev (til dømes friarbrev på vers).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]