Høyanger kommune

Koordinatar: 61°13′N 6°4′E / 61.217°N 6.067°E / 61.217; 6.067
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Høyanger sokn)

61°13′N 6°4′E / 61.217°N 6.067°E / 61.217; 6.067

Høyanger kommune
kommune
Kommunesenteret Høyanger
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Adm.senter Høyanger
Areal 1 003,04 km²
 - land 930,67 km²
 - vatn 72,37 km²
Folketal 3 879  (1. januar 2024)
Målform nynorsk
Ordførar Petter Sortland (Ap)
Kommunenr. 4638
Kart
Høyanger kommune
61°11′17″N 5°53′44″E / 61.188055555556°N 5.8955555555556°E / 61.188055555556; 5.8955555555556
Wikimedia Commons: Høyanger
Nettstad: www.hoyanger.kommune.no

Høyanger er ein kommune i Ytre Sogn i Vestland fylke.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

  • Austreim med 347 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Høyanger med 1 931 innbyggjarar per 1. januar 2023
  • Kyrkjebø med 229 innbyggjarar per 1. januar 2023

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Høyanger kommune vart oppretta 1. januar 1964 ved at kommunane Lavik og Kyrkjebø vart slegne saman. I tillegg vart garden Nybø og bruket Nygjerdet overførte til Høyanger frå Vik kommune.[1] I grove trekk fekk Høyanger kommune same grensene som det Lavik (Ladevig) formannskapsdistrikt hadde då det vart oppretta i 1837, men Bø sokn, som høyrde til Lavik i 1837, høyrer no til Hyllestad kommune, og området lengst vest på sørsida av fjorden, frå og med Ytre Tredalen og til Åkre, som hadde høyrd til Evenvik formannskapsdistrikt (Gulen kommune) i 1837, kom med i Høyanger kommune i 1964.[2]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for noverande Høyanger kommune frå 1920:

1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5][6] 1.1.1961[5][6] 1.1.1971[5] 1.1.1981[5] 1.1.1991[5] 1.1.2001[5] 1.1.2010[5]
3630a 5048a 5844a 5666a 5512a 5404 5033 4835 4653 4256
a Talet omfattar ikkje området rundt garden Nybø og bruket Nygjerdet, som var del av Vik kommune fram til det vart overført til Høyanger kommune ved kommunesamanslåinga i 1964. Dette området hadde då ingen innbyggjarar.

Høyanger sokn[endre | endre wikiteksten]

Lavik sett frå fjorden
Vadheim

Høyanger er eit kyrkjesokn i Sunnfjord prosti. Soknet vart oppretta 1. januar 1997, fram til då hadde området høyrd til Kyrkjebø sokn.[7] Soknet har ei kyrkje, Høyanger kyrkje som er frå 1960 og står i kommunesenteret Høyanger. Før kyrkja vart bygd vart fyrst klasserom på skulen, og sidan bedehuset, brukt som interimkyrkje.[8]

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Ein vinn ut aluminium ved aluminiumsverket til Norsk Hydro.[9]

Kjende personar frå Høyanger[endre | endre wikiteksten]

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]