Høyangsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Høyangsfjorden
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Høyanger
Kart
Høyangsfjorden
61°11′13″N 6°02′56″E / 61.187°N 6.049°E / 61.187; 6.049
Wikimedia Commons: Høyangsfjorden

Høyangsfjorden er ein fjordarm på nordsida av Sognefjorden i Høyanger kommune. Fjorden er 8 km lang og strekkjer seg hovudsakleg nordaustover og inn til sjølve Høyanger.

Fjorden har innløp mellom Furenestet nedanfor Engelsbøfjellet i aust og Austreimneset ved bygda Austreim. Like aust for Austreim ligg ferjekaien Nordeide som er ein del av ferjesambandet Ortnevik-Måren-Nordeide med ferje til Måren litt aust for innløpet til Høyangsfjorden og til Ortnevik på sørsida av Sognefjorden. Like ved Nordeide ligg grenda Berge oppover i fjordsida.

Bortsett frå Høyanger inst i fjorden er det få busetnader langs fjorden. Austsida av fjorden er stort sett heilt urørt og til tider særs bratt. Gråberget rett sør for Høyanger stig opp til 849 moh, medan Bugeheii på sørsida av fjorden er 728 moh. På vestsida ligg Langefjellet med ei høgd på 878 moh, men frå 700 meter og oppover er fjellet langt mindre bratt enn lenger nede.

Riksveg 55 går langs heile vestsida av fjorden og gjennom dei to tunnelane Hovdetunnelen og Kvernhaugtunnelen. Hydro Aluminium Høyanger ligg inst i fjorden.