Høylandteppet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Høylandteppet er eit brodert veggteppe frå Høylandet kyrkje i Nord-Trøndelag som stammar frå 1100- eller 1200-talet. Teppet er ein refil, eit smalt, langt veggtekstil med biletframstillingar. I dag måler teppet rundt 2 meter, men tidlegare var det lengre. Det er no på Vitskapsmuseet i Trondheim, medan det finst ein kopi i Høylandet kyrkje.

Høylandteppet har botn av raudt ullstoff og figurar kanta med kvitt lingarn i kontursting, fylt ut dels med blått, gult og grønt ullgarn og dels med kvitt lingarn, i ulike smøygmønster. Bilda viser scener fra soga om heilage tre kongar: Kongene som rir til Betlehem, gjevinga av gåver til Jesusbarnet og draumen til kongane. Teppet er etter alt å døme eit profesjonelt atelierarbeid, kanskje utført på grunnlag av engelske førebilde.

Fotografiet viser originalen.
Foto: NTNU Vitskapsmuseet

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]