Aschehoug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aschehoug


Aschehoug forlags administrasjon og redaksjoner ligger på Sehesteds plass i Oslo sentrum Sjå dette på Wikidata
Org.formAksjeselskap
Org.nr.910292005
BransjeForlag, detaljhandel
Skipa1872
DotterselskapUniversitetsforlaget, Forlaget Oktober
HovudkontorOslo
LandNoreg
StyreleiarIdar Kreutzer
Adm.dir.Mads Nygaard
Nettstadhttps://aschehoug.no (norsk)

H. Aschehoug & co (W. Nygaard) AS er eit norsk forlagshus som vart stifta i 1872 av Hieronymus Aschehoug og Halvard Aschehoug som sortimentsbokhandel. Bokhandelen låg dei fyrste åra i Øvre Slottsgate 23 på Egertorvet i Kristiania (Oslo).

Dei fyrste forlagsartiklane deira kom ut i 1873, mellom andre Kart over Kristiania av Johannes Solem, Om vore Husdyrs almindeligste Sygdomme av O. Thesen og «Henrik Ibsens Kejser og Galilæer». En kritisk Studie av G. (pseudonym for Arne Garborg). I 1881 flytta firmaet til Karl Johans gate 43. I 1887 byrja William Nygaard i firmaet, han vart etter kvart ansvarleg for forlagsverksemda og i 1900 vart han eineeigar av forlagsavdelinga. I 1910 kjøpte forlaget Sehesteds gate 1, 3 og 5 og året etter vert forlagsverksemda flytta dit, og der held forlaget framleis hus (i 2005).

Forlagsleiarar[endre | endre wikiteksten]

Oppkjøpte forlag og andre eigarinteresser[endre | endre wikiteksten]

H. Aschehoug & co (W.Nygaard) er i dag eit av dei største forlaga i Noreg, i 2003 omsette konsernet for 1224 millionar kroner.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard): Aschehoug 1872-1997., Oslo 1997. H. Aschehoug & Co. : 125 år : 1872-1997 : jubileum.
  • Tveterås, Harald L.: Et norsk kulturforlag gjennom hundre år : Aschehoug 1872-1972, Oslo 1972. ISBN 82-03-05039-5

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]