HART-protokoll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå HART-kommunikator)

HART-protokoll, the Highway Addressable Remote Transducer Protocol, er ein tidleg feltbuss-protokoll. Han baserer seg på standardsignalet 4-20 mA, og er i dag ein av dei mest brukte protokollane for instrumentering i industrien. HART-protokollen gjer det mogleg å kommunisera med eit instrument over instrumentkablane, med ein HART-kommunikator. Kommunikasjonen går føre seg ved hjelp av frekvensskifting, og gjer det mogleg å kommunisera med instrumentet utan å setja det i manuell stilling eller kopla noko ifrå. Standardiseringa av protokollen gjer at instrument frå ulike fabrikantar kan brukast om einannan og programmerast med den same kommunikatoren.

Protokollen vart utvikla av Rosemount Inc på 1980-talet som ein proprietær protokoll for deira eigne instrument. Etterkvart utvikla det seg til HART, og vart ein open protokoll i 1986. Over femti produsentar av automatiseringsutstyr verda over brukar no denne protokollen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Bjørnar Larsen. Industriell måleteknikk for automatikarfaget. Noreg 1996: Vett & Viten AS ISBN 82-412-0223-7