HAZOP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

HAZOP er ei forkorting for Hazard and Operability Analysis og er ein anerkjend metode for å identifisere tryggleiksmessige farar og utfordringar med omsyn på utføring, vedlikehald og drift av eit prosessanlegg. Ei gruppe personar, kvar med sine roller, vurderer systemet, gjerne i form av eit flytdiagram. Definerte søkeord nyttast, slike som ingen, ikkje, mindre, høg, del av, motsett, osv. Dessutan brukar ein parametrar, slike som flow, trykk, temperatur, nivå, tid, osv, i kombinasjon med leieorda. Alle elementa i prosessanlegget blir gjennomgått under prosjekteringa, kvar med den normale tilstanden sin spesifisert. Ein kan finne moglege tryggleiksmessige problem som kan oppstå, når til dømes kombinasjonen ikkje-trykk eller høg-temperatur finst i eit prosesselement der normal tilstand er trykk eller normal temperatur.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Pedersen, Tom. (2009, 22. april). Hazop. I Store norske leksikon. Henta 10. november 2013 frå http://snl.no/HAZOP.