HEO

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

HEO (frå engelsk: High Inclined Earth Orbit) er ei satellittbane med høg inklinasjon, det vil seie at baneplanet ligg med ein stor vinkel i høve ekvatorplanet til jorda. Slike baner har ofte stor eksentrisitet, slik at får god dekning av område på jorda med høg breiddegrad (langt nord eller langt sør). Ein kan få banene til å vere geosynkrone (ikkje geostasjonære). Ei spesiell bane kalla molniyabana er ei slik bane.

Avstanden ein satellitt i HEO-bane har til jorda kan variere frå nokon få hundre km i perigeum til ca 40 000 km i apogeum i løpet av eit omløp.

Spire Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.