Herre Gud, ditt dyre navn og ære

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Herre Gud, ditt dyre navn og ære» («HErre GUD! Dit dyre Navn og Ære» i originalmanuskriptet) er opphavleg ein læresong på 16 vers, skriven av Petter Dass seinast 1698 som ei forklaring til den andre bøna i Fadervår, Lat namnet ditt helgast, under overskrifta «Den Anden Sang: Helligt vorde dit Navn». Salmen kom inn i salmebøkene i Gustav Jensens gjendikting frå 1909.

Tekst og tone[endre | endre wikiteksten]

«Ja før GUD sin Ære skal forlise,
Før skal Hav og grommen Hval ham prise,
Samt og Tanteyen, som løber Leyen,
Steenbid og Seyen og Torsk og Skreyen,
Og Niise

Fjerde verset av «Den Anden Sang: Helligt vorde dit Navn»

Petter Dass sine katekismesongar var klare for trykken i 1698, men dei kom ikkje ut i bokform før i 1715. Songane var meint som læresongar, som skulle hjelpe menneske til rett tru, på grunnlag av læra i Martin Luthers katekisme, i pakt med luthersk ortodoksi. Mykje av teksten har grunnlag i bibelstader, t.d. Salmane 66,4 og 2.Petersbrev 3,10-13 . Petter Dass meinte at når folk song, gjekk ordet frå munnen til hjarta.

Det er opplyst at songen «Siungis under sin egen Melodie». Somme har tolka det slik at Petter Dass sjølv har skrive melodi til songen. Det er notert ned meir enn 100 folketonevariantar til teksten. I Norsk salmebok er det oppført ein tone frå Romedal, i Salmer 1997 to ulike tonar, ein frå Ørsta og ein frå Rana. Ein færøysk note er notert som nr 158 i Den Danske Koralbog og nr 121 i den færøyske Sálmaløg Føroya kirkju.

Tonen frå Rana er nedskriven av Ole Tobias Olsen, som noterte ned melodiar sungne av eldre folk som ikkje var påverka av «den roverudske sangforbedring» i 1840-åra.

Salmen kom inn i kyrkja gjennom gjendiktinga til stiftsprost Gustav Jensen, først trykt i Menighedsblad for Kristiania nr.3 1909. Han vart teken inn i Landstads reviderte salmebok (utg. 1926). I Nynorsk salmebok vart han teken inn i Anders Hovden si omsetjing.

Gustav Jensen si gjendikting er karakterisert som meisterleg. Difor er Herre Gud ditt dyre navn og ære ein av dei best kjende salmane i Noreg. Men noko av det barokke mangfoldet gjekk tapt då salmen vart korta ned frå 16 til 3 vers, heller ikkje har han heldt på alle fleirstavingsrima som set preg på originalversjonen.

Hovden har omsett Jensen si gjendikting; «Herre Gud ditt dyre namn og æra» er nr 32 Nynorsk salmebok. Om dette arbeider er det sagt at «Hovdens omstøpning av den kan ikke bli annet enn en forringelse».

Bertil Wallin omsette salmen til svensk i 1972.

I salmebøkene[endre | endre wikiteksten]

«Herre Gud ditt dyre navn og ære» i Gustav Jensens versjon på 3 vers står på nr. 1 i Norsk salmebok 2013; mens nr. 278 har 8 vers som ligg nærare originalteksten . I Norsk salmebok (1985) står songen på nr 268 (3 vers), i Landstads reviderte salmebok på nr 25 (3 vers) og i Lov Herren Katolsk salmebok på nr 310 (3 vers), «Herre Gud ditt dyre namn og æra» i Nynorsk salmebok på nr 32 (3 vers). «Hær'rálekkus gud'nejat'tujuvvun» har nr. 1 i samiske Gir'ko-sál'bmagir'ji frå 1957.

Utdrag av originalversjonen finst i Salmer 97 på nr 40 (a og b, to melodivariantar, 6 vers) og i Lov Herren Katolsk salmebok nr 308-309 (to melodiar, 6 vers).

I Sverige er salmen med i den frikyrkjelege salmeboka Herren Lever frå 1977 på nr 806 (2 vers), i Danmark er salmen teken inn i som nr 7 i Den Danske Salmebog frå 1953. I Finlandssvenska psalmboken som blir brukt i Finland står «Herre Gud, ditt dyra namn till ära» på nummer 293.

I Sálmabók íslensku kirkjunnar står «Drottinn Guð, þitt dýra nafnið skæra» på nr 11, i Sigurbjörn Einarssons omsetjing.[1] I Sálmabók Føroya kirkju står «Harra Guð, títt dýra navn og æra» på nr 1, i Jákup Dahl si omsetjing, og den synges vanleg med en færøysk melodi.[2] Ein versjon av denne finst på Hamferð sin CD Vilst er síðsta fet.

På plate[endre | endre wikiteksten]

  • Thorvald Lammers med piano. Innspelt i Grand Hotel, Kristiania, desember 1904. Utgjeven på dei akustiske 78-platene Gramophone 82058 og Zonophone 72301[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Kristen sang og musikk Runa forlag 1962
  • Haakon M. Kibsgaard «Herre Gud! Dit dyre navn og ære – En tekst – mange melodier» i Årbok for Helgeland 2006

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sálmabók íslensku kirkjunnar
  2. Sálmabók Føroya kirkju
  3. Liliedahl, Karleric: The Gramophone Company Acoustic recordings in Scandinavia, Stockholm 2002, s. 42

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]