HMS Donovan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
HMS Donovan
Studioalbum av Donovan
Utgjeve 1971
Innspelt Juni 1968 – 1971
Sjanger folk
Lengd 74:10
Selskap Dawn Records
Produsent Donovan Leitch, Mickie Most
Kritikk
Donovan-kronologi
Open Road
(1971)
HMS Donovan Cosmic Wheels
(1973)

HMS Donovan er det niande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det er et andre albumet til Donovan med barnemusikk, etter For Little Ones som var ein del av A Gift from a Flower to a Garden. HMS Donovan er det andre dobbeltalbumet hans og vart berre gjeven ut i Storbritannia, i juli 1971.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Donovan gifta seg med Linda Lawrence (ein gong kjærasten til Brian Jones) i oktober 1970. Då Linda vart gravid med det første barnet deira, starta han å arbeide med ei barneplate som inneheld innspelingar frå juli 1968 til 1971. Paul McCartney var med på nokre av innspelingane frå 1968 («Mr. Wind», «The Walrus and the Carpenter», «The Unicorn»), og det er piratkopiar der Donovan spelar desse songane med McCartney til stades. Ein demo av «Mr. Wind» vart spelt inn etter Barabajagal-innspelinga i eit lågare register og med andre stemmeeffektar. Den originale teksten til songen vart trykt på den britiske versjonen av Sunshine Superman, fire år før HMS Donovan kom ut.

HMS Donovan var hovudsakleg produsert av Donovan, men «Homesickness» var produsert av Mickie Most. «Homesickness» er den einaste elektriske rockesongane på albumet, som elles består av akustiske songar. Dei fleste av songane er klassiske dikt sett til melodi av Donovan. Mange av dikta var frå One Hundred Poems for Children samla av Herbert Strang (Clarendon Press, Oxford – 1925). Andre dikt kom frå Lewis Carroll sine Alice's Adventures in Wonderland og Through the Looking-Glass.

Trass i at albumet inneheldt den mindre hitten «Celia of the Seals», selde HMS Donovan dårleg og nådde ikkje lista i Storbritannia. Epic Records nekta å gje ut albumet i USA. Dette fekk Donovan til å slå seg saman med den gamle produsenten Mickie Most for å prøve å finne attende til hit-formelen på det neste albumet.

Etter albumet kom ut var Donovan involvert i to filmar. Først spelte han hovudrolla i Jacques Demy sin The Pied Piper i 1972. Han spelte òg inn musikk for Franco Zeffirelli-filmen Brother Sun, Sister Moon i 1972

Innhald[endre | endre wikiteksten]

All musikk komponert av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde.

Side ein
# Tittel Tekst Lengd
1. «The Walrus and the Carpenter»   Lewis Carroll 8:36
2. «Jabberwocky»   Lewis Carroll 2:37
3. «The Seller of Stars»   Thora Stowell 2:52
4. «Lost Time»   Frida Wolfe 2:29
5. «The Little White Road»   Thora Stowell 2:05
6. «The Star» (trad. arr. Donovan)   1:45
7. «Coulter's Candy» (trad. arr. Donovan)   1:44
Side to
# Tittel Tekst Lengd
8. «The Road»   Lucy Diamond 1:08
9. «Things to Wear»   Agnes Grozier Herbertson 1:06
10. «The Owl and the Pussycat»   Edward Lear 2:24
11. «Homesickness»     2:31
12. «Fishes in Love»     1:04
13. «Mr. Wind»     2:38
14. «Wynken, Blynken, and Nod»   Eugene Field 2:38
Side tre
# Tittel Tekst Lengd
15. «Celia of the Seals»     3:02
16. «The Pee Song»     2:06
17. «The Voyage of the Moon»     5:18
18. «The Unicorn»     0:55
19. «Lord of the Dance» (Sydney Carter)   2:31
20. «Little Ben»     1:44
21. «Can Ye Dance»     1:32
Side fire
# Tittel Tekst Lengd
22. «In an Old Fashioned Picture Book»     3:11
23. «The Song of the Wandering Aengus»   William Butler Yeats 3:56
24. «A Funny Man»   Natalie Joan 1:51
25. «Lord of the Reedy River»     2:38
26. «Henry Martin» (trad. arr. Donovan)   5:08
27. «Queen Mab»   Thomas Hood 2:18
28. «La Moora»     2:21

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]