Hektar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ha)

Hektar er ein eining for måling av areal. Eit hektar (frå hekto, 100 og ar) er lik 100 ar, som er lik 10 000 kvadratmeter. Symbolet for hektar er ha. Ettersom ein hektar er 100 m × 100 m, som er lik 1 hm × 1 hm, er ein hektar lik 1 hm² altså ein kvadrathektometer. Hektar er ikkje ei SI-eining.

I mange land vert hektar bruka for å oppgje flatevidd på skog og landbrukseigedommar. I Noreg brukar vi mest eininga dekar, sjølv om eininga hektar ofte vert bruka i faglitteratur.

1 hektar = 10 000 m²
1 hektar = 100 ar
1 hektar = 10 dekar
1 hektar = 10 mål
100 hektar = 1 kvadratkilometer