Ha!-Ha!-Ha!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ha!-Ha!-Ha!
Studioalbum av Ultravox!
Utgjeve 14. oktober 1977
Innspelt Mai og juni 1977
Sjanger Postpunk
Lengd 34:40
Selskap Island
Produsent Ultravox!, Steve Lillywhite
Ultravox!-kronologi
Ultravox!
(1977)
Ha!-Ha!-Ha! Systems of Romance
(1978)


Singlar frå Ha! Ha! Ha!
  1. «ROckWrok»
    Utgjeve: 7. oktober 1977
  2. «Quirks (berre med tidlege eksemplar av albumet)»
    Utgjeve: 14. oktober 1977
  3. «Frozen Ones (berre i Tyskland)»
    Utgjeve: 1977
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[1]

Ha!-Ha!-Ha! er det andre studioalbumet til den britiske new wave-gruppa Ultravox, på den tida kalla «Ultravox!». Sjølv om gruppa seinare vart kjend og fekk kommersiell suksess med songaren Midge Ure, var bandet i 1977 leia av songaren og låtskrivaren John Foxx, i lag med gitaristen Stevie Shears, trommeslagaren Warren Cann, bassisten Chris Cross og klaverspelaren og bratsjisten Billy Currie.

Utgjeving[endre | endre wikiteksten]

Ha!-Ha!-Ha! kom ut 14. oktober 1977, 11 dagar etter singelen «ROckwrok» med B-sida «Hiroshima Mon Amour». Ingen av dei nådde poplista, sjølv om Island Records fortsette å ha trua på bandet. På grunn av ein forvirrande typografi vert albumet stundom kalla Ha!-Ha!-Ha!, Ha! Ha! Ha! og -ha!-ha!-ha!. Gruppa slutta å bruke utropsteikn i namnet sitt etter denne plata.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Medan det første albumet deira var eit produkt av den David Bowie/Roxy Music-aktige sida av glamrock, var den andre plata langt meir prega av den blømande punkrørsla, sjølv om det òg markerte første gongen gruppa i større grad brukte synthesiser og elektroniske produksjonsteknikkar. Pengane frå det første albumet vart nytta til å forbetre utstyret deira, og dei kjøpte ein ARP Odyssey og ein Roland TR-77-trommemaskin, som vart nytta på det siste sporet på albumet, «Hiroshima Mon Amour». Denne songen var ein stor peikepinn på den seinare synthpopretninga til bandet og har vore ein favoritt hos både fansen og kritikarane.[3][4] Han vart framført av gruppa i 1978 på Old Grey Whistle Test og vart i 1999 spelt av The Church på albumet A Box of Birds.

«ROckWrok» var den første singelen frå albumet. Songen er ein uvanleg, sensuell hyllest til uhemma sex med eit refreng som byrja med «come on, let's tangle in the dark/fuck like a dog, bite like a shark» og tekst som «the whole wide world fits hip to hip». Trass i dette vart songen spelt på BBC Radio 1 på grunn av den forvrengde måten Foxx song på og dei pønkete gitarane.[5]

Andre songar på albumet er «Fear in the Western World», som òg var ein punksong, med samfunnsmedviten tekst og stader som var i nyhendene på denne tida, som Soweto og Irland. «Hiroshima Mon Amour» vart framført med saksofon av C.C. frå bandet Gloria Mundi og ein Roland TR-77-trommemaskin med ein modifisert bossa-nova-rytme av trommeslagaren Warren Cann. Dette peikte fram til musikken både John Foxx og Ultravox kom til å lage seinare, kvar for seg. I 2012 var John Foxx samd med påstanden om at dette var den første synthpop/new-wave-songen i rockehistoria og sa «eg trur ikkje nokon hadde laga ein slik song før».[6] Dette var det siste albumet med den originale gitaristen Stevie Shears, som slutta i bandet tidleg i 1978, etter Ha!-Ha!-Ha!-turneen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«ROckWrok»John Foxx3:34
2.«The Frozen Ones»Foxx4:07
3.«Fear in the Western World»Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie, Foxx, Stevie Shears4:00
4.«Distant Smile»Currie, Foxx5:21
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«The Man Who Dies Every Day»Cann, Cross, Currie, Foxx, Shears4:10
6.«Artificial Life»Currie, Foxx4:59
7.«While I'm Still Alive»Foxx3:16
8.«Hiroshima Mon Amour»Cann, Currie, Foxx5:13
Bonusspor på 2006-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
9.«Young Savage»Cann, Cross, Currie, Foxx, Shears2:56
10.«The Man Who Dies Every Day» (Remix)Cann, Cross, Currie, Foxx, Shears4:15
11.«Hiroshima Mon Amour» (alternativ versjon)Cann, Currie, Foxx4:54
12.«Quirks»Cann, Cross, Currie, Foxx, Shears1:40
13.«The Man Who Dies Every Day» (live)Cann, Cross, Currie, Foxx, Shears4:15
14.«Young Savage» (live)Cann, Cross, Currie, Foxx, Shears3:25
Gratis singel med dei første 10 000 LP-platene
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
15.«Quirks»Cann, Cross, Currie, Foxx, Shears1:40
16.«Modern Love»Cann, Cross, Currie, Foxx, Shears2.31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ultravox!
Andre medverkande
  • C.C. (frå Gloria Mundi) – saksofon på «Hiroshima Mon Amour»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. AllMusic review
  2. «Ultravox interview at tiscali.se». Arkivert frå originalen 11. februar 2005. 
  3. Grant, Steven; Robbins, Ira; Reno, Brad. «Band history at TrouserPress». 
  4. Stratton, Jeff (20. november 2003). «New Times' The Quiet Man». Arkivert frå originalen 4. desember 2004. 
  5. «Page from ultravox.org.uk» (PDF). 
  6. «Page from peek-a-boo-magazine.be».