HaNo FK

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

HaNo FK er ein lokal fotballklubb på Sunnmøre i Haram kommune utanfor Ålesund. Laget kjem frå øyane Haramsøya og Nordøyane, derav namnet HaNo FK.

Stiftinga[endre | endre wikiteksten]

23. desember 1984 vart Haramsøy/Nordøy Fotballklubb skipa. På eit møte på Nordøy Grendahus vart det vedteke at fotballgruppene i Haramsøy IL og Nordøy IL skulle skiljast ut, og slåast saman.

Debatten i forkant av samanslåinga vart ganske heftig. Nokre meinte at dette vat einaste løysinga, og at det ikkje ville vere mogeleg å stille lag utan eit samarbeid på tvers av fjorden. Andre meinte at ei samanslåing ville øydelegge patriotismen og dermed fotballinteressa på begge øyane.

I dag er vel dei fleste einige om at det var ein god ting for desse to flotte øyane å få ein felles fotballklubb. Samhaldet over brua har vorte styrkt takk vere HaNo FK.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Etter at Haramsøy/Nordøy Fotballklubb var ein realitet, vart neste steg å finne eit namn som var litt «snertnare». Det er ikkje så enkelt å rope «Heia Haramsøy/Nordøy!». Namnet skulle bestemmast på det første årsmøtet i klubben som gjekk på Nordøy Grendahus 01.12.85. 25 personar møtte fram i tillegg til styret. Forslaga var mange. Mellom anna kan vi nemne Moloen FK, Søyla FK, Haram FK, Øyvind FK osb.

1. avstemmingsrunde gav desse resultata: Øyvon 2 stemmer Øytopp 2 stemmer Nordøyane 2 stemmer Haram 4 stemmer HaNo 6 stemmer

Etter 3. valomgang fekk HaNo 11 stemmer mot Haram sine 9 stemmer.

Til sjuande og sist enda forsamlinga altso på HaNo FK. Men det var ikkje slutt med det. Dei høge herrar i Fotballforbundte ville ikkje tillate at HaNo FK var det offisielle namnet. Namnet på ein fotballklubb skulle ha tilknyting til staden der klubben kom frå meinte dei, og gløymte vel i farten at det er klubbar rundt om kring som heiter både Hødd, Ravn, Tarekameratane osb. HaNo FK kunne likevel nyttast i tabellar og liknande, og slik vart det. Offisielt heiter klubben den dag i dag Haramsøy/Nordøy Fotballklubb, medan HaNo FK er det folkelege varianten.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

  • 1985 til 1989 Lars Ulla
  • 1990 til 1991 Sveinung Giske
  • 1992 til 1993 Lars Ulla
  • 1994 til 1995 Hallgeir Remme
  • 1996 til 1997 Lars Ulla
  • 1998 til 1999 Kåre Longva
  • 2000 - Hege Schancke
  • 2001 til 2002 Lars Ulla
  • 2003 - Tor Erik Husevåg

Årets Medlem[endre | endre wikiteksten]

Dette er ei utmerking som styret gir til ein person som har gjort ein spesiell innsats for HaNo FK i året som gjekk. Dei første åra var det to personar som fekk prisen, men frå 1990 har det vore ein vinnar pr år.

  • 1988 - Oli Anne Longva og Mohsen Hellouli
  • 1989 - Kirsten Fjørtoft og Tor Andre Franck
  • 1990 - Lars Ulla
  • 1991 - Revygjengen
  • 1992 - Hallgeir Remme
  • 1993 - Frank Rogne
  • 1994 - Trygve Rogne
  • 1995 - Joar Haram
  • 1996 - Johanne Flem
  • 1997 - Kenneth Ulla
  • 1998 - Einar Kjell Rogne
  • 1999 - Tina Mari Flem
  • 2000 - Lars Ulla
  • 2001 - Kenneth Ulla
  • 2002 - Per Arne Tomren
  • 2003 - Per Olav Vedeld

Årets spelar[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein pris som vert tildelt ein dame - og ein herrespelar etter kvar sesong. Det er publikum som stemmer på den dei synest har vore best.

  • 1988 Oddgeir Otterlei
  • 1989 Kenneth Ulla
  • 1990 Stig Erik Franck
  • 1991 Per Olav Vedeld
  • 1992 Øystein Longva og Reidunn Rogne
  • 1993 Jan Ove Austnes og Birgitte Moe
  • 1994 Øystein Longva og Britt Tove Vedeld
  • 1995 Asgeir Nogva og Ann Iren Austnes
  • 1996 Roy Longva og Lise Tomren
  • 1997 Asgeir Nogva og Britt Tove Vedeld
  • 1998 Asgeir Nogva og Vibeke Flem
  • 1999 Tore Fjørtoft og Lise Tomren
  • 2000 Joakim Austnes og Britt Tove Vedeld
  • 2001 Amund Fjørtoft og Britt Tove Vedeld
  • 2002 Ivar Fjørtoft og Vibeke Flem
  • 2003 Tore Fjørtoft