Haaf Gruney

Koordinatar: 60°39′48″N 0°50′12″W / 60.66333°N 0.83667°W / 60.66333; -0.83667
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haaf Gruney frå Unst

Haaf Gruney er ei lita øy nordaust i Shetlandsøyane.

Geografi og geologi[endre | endre wikiteksten]

Øya ligg mellom Unst og Fetlar. Mellom øya og Yell ligg ei lita øygruppe med småøyar, mellom anna Linga, Sound Gruney, Urie Lingey, Daaey og Wedder Holm. Uyea ligg òg vest for øya.

Det var tidlegare eit krombrot på øya.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet på øya kjem frå det norrøne hafgröney,[1] gröney som tyder «grønøya». Haaf tyder «hav» og er sett føre for å skilje ho frå ei nærliggande øy som heiter Sound Gruney.

Ei reise til Karmøy[endre | endre wikiteksten]

Den 4. august 1745 rodde to jenter frå Uyea til denne øya for å mjølke kyrna som beita her. Dei vart råka av eit kratig uvêr og båten deira vart ført til havs og så heile vegen over til Karmøy i Noreg. Jentene enda opp med å gifte seg her og etterkomarane deira finst her framleis.[1][2]

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Haaf Gruney er eit nasjonalt naturreservat på grunn av stormsvalen som hekkar her.

Øya vert ikkje lenger nytta til beite, men det lever oter og sel der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
  2. Manson, T.M.Y. Drifting alone to Norway: the amazing adventure of Betty Mouat (1986)

60°39′48″N 0°50′12″W / 60.66333°N 0.83667°W / 60.66333; -0.83667