Haag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Den Haag
A square in the center of the Hague.jpg
Flagget til Den Haag Byvåpenet til Den Haag
Flagget til Den Haag Byvåpenet til Den Haag
Kallenamn
«Residentiestad («Residensbyen»), Hofstad («Hoffbyen»)»
Plassering
Plassering av  Den Haag
Styresmakter
Land
Provinsar
Flag of the Netherlands.svg Nederland
Zuid-Holland
Grunnlagd 1248
Borgarmeister Jetta Klijnsma
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

98,2 km²
  82,66 km²
  15,54 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

475 895
  5 757/km²
Koordinatar 52°05′″N 4°18′″EKoordinatar: 52°05′″N 4°18′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.denhaag.nl

Haag (nederlandsk 's-Gravenhage eller Den Haag) er ein by i Nederland. Haag ligg i provinsen Zuid-Holland, i den sørvestlege delen av landet, og har om lag 475 000 innbyggjarar, noko som gjer han til den tredje største byen i Nederland, etter Amsterdam og Rotterdam.

Haag er administrativ hovudstad i Nederland, men ikkje offisiell hovudstad, den tittelen har Amsterdam. I Haag finn ein «Eerste Kamer» («Overhuset») og «Tweede Kamer» («Underhuset») som saman dannar Staten Generaal, den nederlandske nasjonalforsamlinga. Dronning Beatrix av Nederland arbeidsstaden sin (Paleis Noordeinde) og bustaden sin her (Paleis Huis ten Bosch). Vidare finn ein her alle ambassadar og dei fleste departement, samt ei rad internasjonale byrå og organisasjonar, døme kan vere Den internasjonale domstolen og Den internasjonale straffedomstolen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Binnenhof det politiske senter i Nederland.

Haag vart grunnlagd i 1248 av Vilhelm II, greve av Holland og Rex Romanorum, som skulle verte keisar av Det tysk-romerske riket. Han starta bygginga av ei borg i ein skog nær sjøen i Holland, der det var meininga han skulle bu etter han vart krona. Borga hans vart ikkje bygd ferdig, men restar av ho finst framleis og vert i dag kalla Ridderzaal («Riddarhallen»). Han vart framleis nytta for politiske hendingar, slik som den årlege trontalen til monarken.

Seinare nytta grevane av Holland Haag som det administrative senteret sitt. Des Graven Hage tyder bokstaveleg «hekken til greven» eller «greven sitt private område». Dei mektige byane i Holland, som Leiden, Delft og Dordrecht, valde eit kompromiss då dei valde den litle og lite viktige landsbyen Haag som det administrative senteret. Dette har ikkje endra seg og Haag er framleis sete for regjeringa i Nederland, men ikkje den offisielle hovudstaden.

For å halde Haag liten fekk han ikkje byrettar og eller bymurar. Då innbyggjarane på 1500-talet endeleg fekk lov å byggje bymurar valde dei i staden å nytte pengane på å byggje eit rådhus. Dette viste seg å vere eit katastrofalt val under åttiårskrigen sidan dei spanske troppane lett kunne erobre byen.

Haag fekk til slutt byrettar under den franske okkupasjonen i 1806, fleire hundreår etter at liknande nederlandske byar fekk same rettar. Alt dette har ført til ei vandresoge om at Haag ikkje er ein by, men ein landsby.

På grunn av historia manglar Haag eit historisk sentrum, som dei nærliggjande byane Leiden og Delft. Då regjeringa fekk ei viktigare rolle i nederlandsk politikk etter 1850 vart Haag raskt utvida. Dei eldre delane av byen er derfor stort sett frå 1800-talet og tidleg på 1900-talet. Den veksande byen innlemma delar av kommunen Loosduinen i 1903 og heile kommunen i 1923.

Delar av byen vart kraftig øydelagd under den andre verdskrigen. Atlanterhavsmuren vart bygd gjennom delar av byen og heile nabolag vart rive ned av tyskarane i prosessen. 3. mars 1945 bombarderte Royal Air Force bydelen Bezuidenhout ved eit mistak. Målet var ein installasjon med V-2-rakettar i ein park i nærleiken. På grunn av ein navigasjonsfeil fall bombene over ein tett folkesett og historisk del av byen. Over 500 menneske mista livet og det er framleis spor etter katastrofen i dag.

Etter krigen var Haag på eit tidspunkt den største byggjeplassen i Europa. Byen vart kraftig utvida sørvestover og dei øydelagde områda vart raskt bygd opp att. Folketalet nådde ein topp rundt 1965 med om lag 600 000 innbyggjarar.

I 1970- og 1980-åra flytta den hovudsakleg kvite middelklassen til dei omliggande byane som Voorburg, Leidschendam, Rijswijk og Zoetermeer. Dette førte til at dei indre byområda vart fattigare, medan forstadane vart velståande. Forsøk på å inkludere delar av forstadane i Haag møtte stor motstand. I 1990-åra innlemma likevel Haag, med støtte frå regjeringa, store område frå dei omliggande byane og nye bygg vart ført opp, ein prosess som framleis pågår.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]