Haakon Bugge Mahrt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haakon Bugge Mahrt
Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. februar 1901
Død

25. juni 1990 (89 år)

Yrke skribent

Haakon Bugge Mahrt (20. februar 190125. juni 1990), opphavleg Haakon Olsen, var ein norsk forfattar og pressemann frå Vardø.

Haakon Olsen var son til ein kjøpmann i Vardø. Han tok utdanning i Paris i siste halvdelen av 1920-åra, med eksamen frå Sorbonne-universitetet i 1928. Mahrt debuterte i 1931 med essaysamlinga Modernisme. I dei neste åra gav han ut fleire romanar og novellesamlingar, til dømes novellesamlinga Kjære Europa i 1932 og romanen Orkanen i 1936. Boka om Dikteren og eventyreren Arthur Rimbaud kom ut i 1945, og den psykologiske krigsromanen Bitter té i 1946.

Frå 1946 til 1971 arbeidde Mahrt med pressesaker ved den norske ambassaden i Paris. I denn perioden skreiv han ei barnebok, og ein roman med handling lagd til 1700-talet; Rømlingen fra Vardøhus, utgjeven i 1961.

Mahrt er gravlagd i Oslo.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]