Haakon Hauan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Haakon Hauan
Haakon Hauan.jpg
Fødd 20. juni 1871
Hammerfest
Død

7. oktober 1961 (90 år)
Oslo

Yrke politikar, ingeniør

Haakon Hauan (fødd 20. juni 1871 i Hammerfest, daud 7. oktober 1961 i Oslo) var ein norsk ingeniør og industrileiar. Han var òg ei tid statsråd.

Hauan var utdanna som kjemiingeniør ved Trondhjems Tekniske Læreanstalt i 1889. Han er kjend for sin sentrale rolle i utviklinga handelen med import av råolje og raffinering av peroleumsprodukt som direktør for Vallø Olieraffineri frå 1920 til 1936.

Han var òg ei tid politikar, som statsråd i Regjeringa Knudsen II der han leidde industri- og forsyningsdepartementet frå 1918 til 1920 som provianteringsminister.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]