Haakon Irgens
| Haakon Irgens | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 13. juni 1884 Øyer |
| Død | |
| Yrke | politikar, bankier, banksjef |
| Politisk parti | Høgre |
| Far | Sogneprest Jens Stub Irgens |
Haakon Irgens (13. juni 1884–12. juni 1973) var ein norsk bankmann som representerte kjøpstadene i Buskerud og partiet Høgre på Stortinget 1925-27.
Irgens var fødd i Øyer, då far hans var prest i bygda. Han gjekk Treiders handelsskole i hovudstaden og tok i 1899 eksamen ved mellomskulen. Åra 1900-05 var han assistent ved Bergens Privatbank. Deretter arbeidde for Barmer Bank-Verein i tyske Düsseldorf, frå 1906 til -13 som assistent og 1913-15 som avdelingssjef og prokurist. I 1915 reiste han frå Tyskland til jobben som styrar for Odda Privatbank, ein filial av Bergens Privatbank. Fire år seinare tok han over som banksjef i Kongsberg Sparebank. På Kongsberg var Irgens overformyndar 1922-26 og medlem av bystyret 1922-25
Hausten 1924 vart Irgens vald til å representere dei tre kjøpstadene i Buskerud på Stortinget. Høgre-representanten var då sekretær i Protokollkomiteen. Då Høgre gjennom Stortingsvalet 1927 mista mange mandat til Stortinget 1928-30, vart ikkje Irgens attvald.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stortingsbiografi Arkivert 2016-11-26 ved Wayback Machine.