Haakon Magnus av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kronprins Haakon Magnus av Noreg

Kronprins Haakon Magnus av Noreg
(og Kronprinsesse Mette-Marit av Noreg i 2009)
Fødd20. juli 1973 (50 år)
Rikshospitalet
TittelKronprins av Noreg
FøregangarHarald V
Alle titlarKronprins av Noreg
Fullt namnHaakon Magnus
Hus eller slektFyrstehuset Schleswig-Holstein-Sonderburg-Glücksburg
LandNoreg
MorSonja
FarHarald V
EktefelleMette-Marit Tjessem Høiby
BarnIngrid Alexandra av Noreg, Sverre Magnus av Noreg

Kronprins Haakon Magnus av Noreg (fødd 20. juli 1973) er tronarvingen i Noreg.

Kronprins Haakon Magnus er son av kong Harald V og dronning Sonja av Noreg. Han vart døypt i Slottskapellet den 20. september 1973, og dei tre monarkane i Skandinavia var mellom fadrane. Monarkane var Kong Olav V av Noreg, Kong Carl XVI Gustaf av Sverige og dronning Margrethe II av Danmark.

Etter omframt (ekstraordinært) statsråd den 23. juli 1973 kom statsminister Lars Korvald med ei uttale til presse og publikum som hadde samla seg på Slottsplassen:

«Kongen har bestemt at prinsen skal hete Haakon Magnus. Det første navnet, Haakon, skal brukes til daglig.»

Prins Haakon vart kronprins av Noreg den 17. januar 1991 då faren vart konge. Han gifta seg med Mette-Marit Tjessem Høiby den 25. august 2001, som då vart kronprinsesse Mette-Marit av Noreg. Han er soneson til kong Olav V og oldebarn av kong Haakon VII. Han har ei syster, prinsesse Märtha Louise.

Han er innehavar av ei lang rekkje prisar, m.a. storkrossen med kjede av St. Olavs Orden.

Regent[endre | endre wikiteksten]

Kronprins Haakon var regent medan Kongen var sjuk 25. november 2003–13. april 2004, og heldt mellom anna nyttårstala på fjernsyn det året.

Born[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Haakon av Noreg

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]