Haakon VII land

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Haakon VII land
region
Haakon VII Land Seligerbreen IMG 5518.JPG
Land Flag of Norway.svg Noreg

Haakon VII land
79°18′24″ N 12°5′52″ E
Wikimedia Commons: Haakon VII Land

Haakon VII land er eit landområde på nordvestlege Spitsbergen i Svalbard. Det er avgrensa geografisk mot Woodfjorden i nordaust, Kongsfjorden i sørvest og isbreen Isachsenfonna i sør.

Haakon VII land grensar mot Albert I land i vest, James I land i sør og Andree land i aust. Området er fjelldekt med toppar jamnt over opp til 1.300 meter i sør og aust, noko lågare i vest. Høgste toppen er Eidsvollfjellet med 1.454 m.o.h.

Landskapet delt i to på midten i retning nord-sør, av ei renne i fjellandskapet som er bredekt med to hovudbrear: Monacobreen i nord (renn ut i Liefdefjorden), og Isachsenfonna i sør.

Heile landskapet ligg inne i Nordvest-Spitsbergen nasjonalpark.