Habiba Ghribi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Habiba Ghribi


Statsborgarskap Tunisia
Fødd 9. april 1984 (40 år)
Kairouan
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Friidrett under Sommar-OL 2016

Habiba Ghribi (fødd 9. april 1984) er ein tunisisk tidlegare friidrettsutøvar som særleg utmerkte seg i 3 000 meter hinder. Ho vart i 2012 den fyrste kvinna frå Tunisia som vann ein olympisk medalje. Ghribi vart i 2016 kåra til verdsmeister 2011 og olympisk meister 2012 i 3000 meter hinder.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Ghribi høyrde til verdstoppen i hinderløping for kvinner frå 2009 til –15. Både i VM 2011 og OL 2012 kom ho i mål som nummer to på 3 000 meter hinder, begge gongane slått av Julija Zaripova. I 2016 vart Zaripova sine prestasjonar under dei to meisterskapane annullert av Det internasjonale friidrettsforbundet.

Sommaren 2015 kom Ghribi på ny på andreplass i VM på 3 000 m hinder. Den 11. september same året vann ho eit storstemne i Brussel på topptida 9.05,3, einast tre utøvarar hadde sprunge fortare i øvinga.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]