Hadelandsmål

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hadeland i grønt, i Oppland

Hadelandsmål er ei norsk dialekt som vert tala på distriktet Hadeland,[1] eit landskap danna av kommunane Gran i Innlandet fylke og Lunner og Jevnaker i Viken fylke.[2]

Fonologi[endre | endre wikiteksten]

Hadelandsmålet har opphavleg nokså store skilnadar i uttale i høve til bokmål. I de tre kommunane og de mange bygdene er det også store skilnadar.

Vanlege austlandsmålske trekk finst i hadelandsmålet, som jamning, tjukk l i både gamalnorsk og l.[3] Medan opplandsmålske trekk er i pronomena je for "jeg", hænn for "han", hu for "hun", dekk for "dere" i objektform, domm (o som i stor) for "de", og denna for "denne".[4]

Typiske trekk for hadelandsmålet er overgangen frå a og nokre gangar e og i til "æ", f.eks. og mænn for "mann", mæster for "mester", lænn for "land", "mædda" for middag, "rækti" for riktig, og hæš for "hals".[5][6][7][8] I Gran kommune har -er endinga i sterke verb blir itakisert til -ir.[1] Svak palatalisering er ikkje vanleg på hadelandsbygdene,[3] f.eks. i kvæill "kveld".[1] Istedenfor "kommer", sier man, i særs i Brandbu, "kjemer".[9] Trykklette ord som ender på -el blir til -al, som i "sykk[j]al", "nykkjal" og "sirkal".[10][11] -rn vert assimilert til -nn (bjønn og "bjørn").[12]

Den gammalnorske "hv" gått over til "gv", som mål i Numedal og Aust-Telemark.[1][13] I Jevnaker by og Bjoneroa, derimot, er forma "v" og "kv", respektivt.[12][14] Denne forma er på veg til å døy ut, og verninga av denne forma er ynskt av språkforskar Jens Saxe Huseby.[8]

Dativ[endre | endre wikiteksten]

Det eldre målet nytter dativ. Bruken av dativ er avgrensa til presens, men kan i tidlegare tider ha vore brukt i både eintal, fleirtal og i andre bøyningsformer.

Bruken av dativ i hadelandsmålet er så godt som borte i daglegtalen, men er verna i få samband.[1][15]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «dialekter på Hadeland» i Store norske leksikon, snl.no., henta 3. mars 2015
  2. «Hadeland%2Flandskap_i_Oppland» i Store norske leksikon, snl.no., henta 23. mars 2015
  3. 3,0 3,1 «dialekter i Oppland» i Store norske leksikon, snl.no., henta 3, mars 2015
  4. Den Store Dialektboka, s. 113
  5. Skramstad, T., s. 22
  6. Skramstad, T., s. 171
  7. Den Store Dialektboka, s. 105
  8. 8,0 8,1 Det går så det gviner – eller til å grine av?, sprakradet.no, Jens Saxe Huseby, henta 23. mars 2015.
  9. Den Store Dialektboka, s. 112
  10. Ord og Uttrykk fra Hadeland, faerder.net
  11. Skogstad, Ola, s. 44
  12. 12,0 12,1 Vest-Oppland og Valdres, s. 351
  13. Kart 6: Utviklinga av norrøn hv- Arkivert 2019-10-23 ved Wayback Machine., its-learning.com, henta 3. mars 2015
  14. Den Store Dialektboka, s. 102
  15. Ree, Håkon. s. 19

Litteratur[endre | endre wikiteksten]