Hadid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°58′3.72″N 34°56′0.95″E
Hadid
חָדִיד
moshav
Hadid 105.jpg
Land Flag of Israel.svg Israel
Distrikt Sentral
Kommune Hevel Modi'in
Koordinatar 31°58′3.72″N 34°56′0.95″E
Grunnlagd 1950
 - Grunnlagd av Jemenittiske immigrantar
Tilhøyrsle Hapoel HaMizrachi
Israel location map.svg
Locator Red.svg

Hadid (hebraisk skrift חָדִיד) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg nær Modi'in og høyrer til Hevel Modi'in regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 548.

Hadid var ein by under Benjamin-stamma i bibelsk tid.[1][2] I hellenistisk tid vart han kalla 'Adida. Hadid vart grunnlagd i 1949 som ein kibbutz av jemenittiske jødar, som seinare fekk med seg immigrantar frå Romania. I 1950 vart han omorganisert som ein moshav tilknytt Hapoel HaMizrachi-rørsla.[3] Staden låg kring 2 km vest for den palestinske landsbyen al-Haditha og den arkeologiske telen Hadid.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ezra 2,33; Nehemja 11,34
  2. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.179, ISBN 965-220-186-3.
  3. Hadid website
  4. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.179, ISBN 965-220-186-3