Hadsji

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hadji)
«haji» omdirigerer hit. For artisten, sjå artisten Haji.
Haji Ali, ein somalisk religiøs leiar i dåverande Abyssinia.

Hadsji, hadji eller hajji (arabisk الحجّي al-ḥağğī, 'pilegrim'}) er ei nemning for ein muslim som har utført hadj, det vil seia ei pilegrimsreise til Mekka i månaden dhul-hidja. Ordet kan brukast som ærestittel eller slektsnamn.[1] Den tilsvarande tittelen for kvinner er hadsja, hadja eller hajja.[2] Ordet er også blitt brukt i ein del kristne område om ein person som har valfarta til Jerusalem.[3]

Som tittel blir hadsji plassert før namnet til personen det gjeld. I nokre område er tittelen blitt overført til neste generasjon, og dermed blitt eit slektsnamn.

Tradisjonelt har hadsji gjerne vist til ein eldre person, ettersom det tok tid å opparbeida nok pengar til å gjennomføra den vanskelege reisa til Mekka. Hadsji har dermed også blitt eit uttrykk for ein respektert eldre mann.

Omgrepet er også kjend frå kristne område på Balkan som har vore under osmansk herredøme (Bulgaria, Serbia, Hellas, Montenegro, Nord-Makedonia og Romania) omg ein kristen som hadde vitja Jerusalem og Det heilage landet.[3]

Kypros blei tittelen så utbreidd at han blei del av fleire gresk-ortodokse slektsnamn, som Hajiioannou. Kypros ligg nær Jerusalem og har hatt både kristne og muslimske innbyggjarar i fleire hundreår.

På ulike språk[endre | endre wikiteksten]

حاج Ħājj eller حجّي Ħajjī; حجّ/Ḥagg, ħæɡ; persisk حاجی hâji/hāji eller حاج hâj/hāj; pasjto حاجی, hāji; Χατζής; Haxhi, Хаджия, Hadžija, حاجىيا; Хаџија, Hadžija; Hadžija/Хаџија, حاجىيا; Хаджы, Chadžy, خاجِ; Hecî, Һәщи, ھەجی; Хаџи/Hadži; aserbajdsjansk og Hacı; Alhaji.

Kvinner som fullfører hadj kan omtalast som bajjah eller حاجة ḥājjah,[4] Ḥagga, ˈħæɡɡæ; hausa/fulani hajia eller joruba alhaja.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Malise Ruthven (1997). Islam: A very short introduction. Oxford University Press. s. 147. ISBN 978-0-19-285389-9. 
  2. «Guide to going to Mecca» (på engelsk). BBC. Henta 4. mars 2009. 
  3. 3,0 3,1 «Jerusalem and Ancient Temples (in Greek)». apologitis.com. Henta 4. mai 2010. 
  4. «Guide to going to Mecca». BBC. Henta 8. desember 2008.