Hadhramaut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hadramaut)
Den arabiske halvøya i 1914.
Kongedømet Hadhramaut (fiolett) på 200-talet under den sabeiske-himjarttiske krigen. Det vart etter kvart annektert av Himjar.

Hadhramaut, Hadhramout, Hadramawt eller Ḥaḍramūt (arabisk حضرموت Ḥaḍramawt) er ein region som i dag utgjer Hadhramaut guvernement i JemenDen arabiske halvøya. Folket frå Hadhramaut vert kalla hadhramar og talar hadhramarabisk.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Region nær Seiyun i Hadhramautdalen.

Hadhramaut syner ofte til dei historiske sultanata Qu'ait og Kathir, som låg i protektoratet Aden og styrt av den britiske residenten i Aden fram til Sør-Jemen vart sjølvstendig i 1967. Den noverande guvernementet Hadhramaut utgjer omtrent dei same områda som dei to sultanata. Det består av ei smal, tørr kystslette avgrensa av ein bratt skrent opp til eit vidt platå (al-Jawl, i snitt 1370 moh.), med eit særs tynt netterverk av djupe wadiar (med elvar som renn av og til). Den udefinerte nordgrensa til Hadhramaut heller ned til ørkenen Rub' al Khali.

I eit vidare syn, omfattar Hadhramaut territoriet Mahra i aust heilt til dagens grense med Oman.[1] Dette omfattar dei noverande guvernementa Hadramaut og Mahra, i tillegg til delar av Shabwah guvernement.

Hadhramane bur i folketette byar ved tradisjonelle vasstasjonar langs wadiane. Dei dyrkar kveite og hirse, dadlar og kokosnøtter, og noko kaffi. På platået gjetar beduinar sauer og geiter. Samfunnet er særs stammebasert med det gamle Seyyid-aristrokratiet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Richard N. Schofield, Gerald Henry Blake, Arabian Boundaries: Primary Documents, 1853–1957 Volume 22, Archive Editions, 1988, ISBN 1-85207-130-3, pg 220 ...should be made along the coast i vest as far as the DHOFAR-HADHRAMAUT frontier...