Hadhramaut guvernement

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hadramaut guvernement)
Hadhramaut
حضرموت
guvernement
Land  Jemen
Koordinatar 16°40′N 49°30′E / 16.667°N 49.500°E / 16.667; 49.500
Hovudstad Al Mukalla
Areal 191 737 km²
Folketal 1 255 000  (2011)[1]
Folketettleik 7 / km²
Kart
Hadhramaut guvernement
16°N 49°E / 16°N 49°E / 16; 49
Wikimedia Commons: Hadhramaut Governorate
Den arabiske halvøya i 1914.

Hadhramaut eller Hadramawt (arabisk حضرموت Ḥaḍramawt) er eit guvernement i Jemen. Det ligg i den store historiske regionen Hadhramaut, og er det største guvernementet i landet.

Det administrative senteret er byen Al Mukalla. Andre byar i Hadhramaut er dei historiske byane Shibam, Sena, Seiyun, Tarim og Ash Shihr. Området vart hardt råka av kraftig nedbør under flaumar i 2008, der tusenvis vart heimlause og mange bygningar vart øydelagde.

Sokotra-øyane var ein del av Hadhramaut guvernement frå 2004 (då dei vart flytta frå 'Adan guvernement) til desember 2013, då dei danna eit nytt Soqatra guvernement.

Distrikt[endre | endre wikiteksten]

Etter Sokotra guvernement vart oppretta i desember 2013, er det 28 distrikt att i Hadramaut guvernement:

Dei to distrikta som danna det nye Sokotra guvernement i 2013 var:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Statistical Yearbook 2011». Central Statistical Organisation. Arkivert frå originalen 9. oktober 2012. Henta 28. mai 2016.