Hafele–Keating-eksperimentet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hafele–Keating-eksperimentet var ein test av relativitetsteorien. I oktober 1971 tok Joseph C. Hafele, ein fysikar, og Richard E. Keating, ein astronom, fire cesium-strålte atomklokker ombord på kommersielle fly. Dei to flydde jorda rundt, først austover, så vestover, og samanlikna klokkene mot andre som vart verande att ved United States Naval Observatory. Då dei samanlikna klokkene fann dei ut at dei tre setta av klokker ikkje lenger gjekk likt og at skilnaden samsvarte med det den spesielle og generelle relativitetsteorien føresåg.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]