Hafetz Haim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 31°47′18.95″N 34°47′59.99″E
Hafetz Haim
kibbutz
PikiWiki Israel 5772 Synagogue at Kibbutz Chafetz Chaim.JPG
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Shephelah
Distrikt Sentral
Kommune Nahal Sorek
Koordinatar 31°47′18.95″N 34°47′59.99″E
Grunnlagd
  • 15. august 1937
     (som Kfar Szold)
  • 25. april 1944
     (som Hafetz Haim)
Tilhøyrsle Agudat Israel Workers
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Hafetz Haim

Hafetz Haim (hebraisk skrift חָפֵץ חַיִּים, tyder Livslysten) er ein religiøs kibbutz sentralt i Israel. Han ligg i Shephelah og høyrer til Nahal Sorek regionale kommune. I 2006 hadde han 450 innbyggjarar.

Landområde som Hafetz Haim vart grunnlagd på vart kjøpt av Jewish National Fund, og han vart først grunnlagd 15. august 1937 som ei tårn og palisade-busetjing. Han fekk namnet Sha'ar HaNegev, og så Kfar Szold (etter Henrietta Szold). Den 13. november 1942 flytta samfunnet til Galileastripa, der dei etablerte ein ny kibbutz, òg kalla Kfar Szold.

Den 25. april 1944 vart det grunnlagd ein ny kibbutz her. Grunnleggjarane var religiøse pionerar frå Tyskland and medlemmar av Ezra ungdomsrørsle og Agudat Israel som hadde førebudd seg nær Kfar Saba. Han var den første landsbyen som vart grunnlagd av Agudat Israel og vart kalla opp etter Yisrael Meir Kagan, som òg vart kalla Hafetz Haim etter eit av dei kjende verka sine.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]