Hafslo arbeidarlag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hafslo Arbeidarlag er eit lokallag i Luster Arbeidarparti for bygdene Veitastrond, Hafslo, Urnes og Solvorn i Luster kommune. Laget blei stifta 11. desember 1938 som "Hafslo Arbeidar- og småbrukarlag".

Namnet "Arbeidar- og småbrukarlag" var vanleg for dei nystifta Arbeidarparti-laga på 1920- og 1930-talet. Dette var for å synleggjere og presisere at dette særleg var ein organisasjon for småkårsfolket, arena for lausarbeidarar, anleggsarbeidarar og ikkje minst for husmenn og andre plassfolk.

Dei første sakene i laget etter starten i 1938 var prega av grunnleggjande saker som arbeidsløysa og husspørsmål.

I samband med kommunesamanslåiinga på 60-talet blei laget frå 1962 eit lokallag av Luster Arbeidarparti, i Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Utover 70-talet tok aktiviteten seg kraftig opp. Ein kan trygt seia at Hafslo Arbeidarlag var ei politisk drivkraft innanfor gamle Hafslo kommune. Utbygging av bustadfelt, vatn- og avløp, skule, barnehage og gang- og sykkelvegar var viktige politiske saker i fleire tiår. Medlemstalet hadde ein topp i 1993 i med heile 226 medlemmar.

I dag har har Hafslo Arbeidarlag i underkant av 60 medlemmer.