Hafslo stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hafslo stavkyrkje omlag 1820. Illustrasjon frå «Hafslo: Bygd og ætter».
Hafslo stavkyrkje is located in Sogn og Fjordane
Plasseringa til gamle Hafslo stavkyrkje

Hafslo stavkyrkje var ei stavkyrkje i Hafslo i Sogn, som vart riven i 1875.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja er første gong nemnd i "Bjørgynjar kalvskinn" i 1360.[1] Ein gong før 1722 vart det opphavlege koret erstatta av eit lafta kor i tømmer. Kyrkja vart til slutt riven i 1875, men då stod berre vestveggen og reisverket att av den opphavlege kyrkja.[1]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Grunnriss av skipet i Hafslo stavkyrkje. Etter ei teikning av G. Bull
Runeinnskrift frå gravstein ved Hafslo stavkyrkje. Innskrifta er tyda: "...er er ioron : iarþaþ", på nynorsk: "Her er Jorunn jorda."

Ifølgje ei synfaring frå 1665 hadde kyrkja då framleis svalgangar. Ho hadde òg eit tårn i vestenden, neppe like gammalt som kyrkja. Det vart nemnt to våpenhus, noko som må tyda at kyrkja hadde to inngangar. Svalgangane vart vølt ved denne synfaringa.[1] I 1722 stod berre skipet og svalgangane att av den opphavlege kyrkja. Det var bygd på eit lafta kor. Kyrkja hadde òg fått lagt inn eit kvelva loft og var "med snedkerverk vel forsynet".[1]

Kyrkja var treskipa, med flathogne søyler. Ho hadde i alt 18 søyler, sju på kvar langside og to mellom hjørnestolpane på vestre smalside. Kyrkja hadde uvanleg mange tverrbjelkar over midtskipet, mykje fleire enn kva som er vanleg i stavkyrkjer. Skipet var 44 fot gonger 30 fot (14 m x 9 m). Det lafta koret var 30 fot gonger 24 fot (9 m x 8 m).

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 260-261

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]