Hafslund Idrettsforening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hafslund Idrettsforening er eit idrettslag stifta 15. november 1934. Idrettslaget har base i bydelen Hafslundsøy i Sarpsborg kommune og spelar heimekampane på Hafslund stadion. I 2020 er laget ein rein fotballklubb der A-laget er kvalifisert for spel på nivå 7 i seriesystemet. Tidlegare deltok Hafslund IF også i idrettar som bandy, friidrett, handball og ishockey.

Hafslund Idrettsforening spelar i svart-og-kvite vertikalstripa trøyer og svart bukser og strømper.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]