Hagbard og Signe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hagbard og Signe, eller Habbor og Signe, er ein mellomalderballade og ei fornaldersoge som har vore svært folkekjær i Skandinavia om gjennom mellomalderen. Hovudkjelda for forteljinga i dag er Saxo Grammaticus, men gjennom skaldane veit vi at soga var kjend i Noreg lenge før Saxo, minst frå 900-talet.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Hagbard var ein stor hærmann og sjøkonge, bror av Hake, som er omtala i Ynglingesoga. Han kom til kong Siggeir/Sigar, som budde på Sjælland, og bela der til Signe, dotter hans. Signe svara på kjærleiken og ville gjerne ha Hagbard, men brørne hennar sette seg mot dette. Hagbard laut då kle seg i kvendeklede og møte Signe i løyndom. Der lova Signe at ho ikkje ville leva etter han om han vart drepen. Ei tenestejente røpte Hagbard, som vart teken til tinget og dømd til galgen. Signy var vis med dette og svor ho ville setja eld til buret sitt. Då Hagbard skulle hengjast, såg han at logane slog ut, og visste ho var glad i han. Så gjekk han i dauden og let seg hengja.

Forteljinga har nokre likskapstrekk med Tristan og Isolde, ei vise som og var vidkjend i mellomalderen. Balladen er rekna til riddarvisene, og har teke opp i seg mange høviske drag som var ukjende for den tida handlinga er lagt til (400-talet).

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Forteljinga vart kjend i mellomalderen, og nytta som førelegg for skodespel i nyare tid, mellom anna av Adam Oehlenschläger. Stadfestinga av forteljinga er knytt til namnet Siggeir/Sigar, som finst att mange stader. Saxo meinte handlinga var knytt til Sigerstedt på Sjælland, mens Landnámabok knyter handlinga til Steigen i Nordland. Flateyjarbok legg handlinga til Møre, og i tillegg til dette kan ein vise til gardsnamnet SigersvollLista (som og er knytt til Helge Hundingsbane).

Balladen om Habbor og Signe er mellom anna overlevert i Telemark.