Hagebruksreiskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hagereiskap)
Gamal reklame for grasklipparar.

Hagebruksreiskapar er maskinar og reiskapar som vert nytta innan hagebruk, som motorhakker, sprøyteutstyr og anna.

Motorhakker[endre | endre wikiteksten]

Motorhakke.

Motorhakker er små sjølvgåande jordfresar. Dei liknar mykje på ein tohjulstraktor, men er ofte mindre og sjølv om mange av dei kan nyttast med anna reiskap er dei ikkje like fleksible som ein tohjulstraktor. Til gjengjeld er dei billigare. Motorhakker har liten motor, så arbeidet går ikkje så fort. Men dei er lettare å koma til med under frukttre og rundt buskar enn større maskinar. Føraren går etter maskina og styrer med eit styre. Fresen er montert i bakkant av maskina, under styret.

Motorslåmaskinar[endre | endre wikiteksten]

Motorslåmaskinar har òg mykje til felles med tohjulstraktorar, men som motorhakker er dei spesialmaskinar, lage med ei oppgåve i sike: å slå gras. Knivstonga er montert fremst på maskina og føraren går etter og styrer med eit styre. I motsetnad til grasklipparar kan motorslåmaskinar kan nyttast i tjukt gras, slik at ein slepp å slå så ofte.

Grasklipparar[endre | endre wikiteksten]

Liten sjølvgåande grasklippar.
Større sjølvgåande grasklippar.

Grasklipparar finst i mange storleikar, frå små muskeldrivne klipparar til store sjølvgåande maskinar. Ein vanleg type er sjølvgåande klipparar med ein liten bensinmotor, der føraren går etter maskina. I parkar og større hagar og plener er det vanleg å nytta større sjølvgåande maskinar, der føraren sit på maskina.

Grastrimmarar[endre | endre wikiteksten]

Grastrimmarar har eit roterande nav med to utstikkande plastsnorer som knusar graset. Dei vert nytta der det er ein ikkje kjem til med grasklipparar.

Hekksakser[endre | endre wikiteksten]

Elektrisk og manuell hekksaks.

Hekksakser kjem i mange variantar. Både handsakser og elektriske sakser vert nytta.

Hagesprøyter[endre | endre wikiteksten]

Ei manuell hagesprøyte.

Hagesprøyter kjem i mange fasongar, frå små handoperert sprøyter til store traktormonterte sprøyter for sprøyting av frukttre. Ein plass mellom desse har ein bærbare hagesprøyter med motor, som oftast ein liten bensindriven totaktsmotor. Traktormonterte sprøyter kan vera vanlege åkersprøyter, der bommen er erstatta med eit munnstykke.

Vasspreiar[endre | endre wikiteksten]

Roterande vasspreiar.

Ymse typar vasspreiarar vert nytta inn hagebruk. Den vanlegaste typen har roterande munnstykke som vert drive av vasstrykket.

Lauvblåsar[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Lauvblåsar.

Lauvblåsarar vert nytta for å blåsa saman lauv og anna rusk om hausten. Berbare lauvblåsarar er ofte monterte i ein meis for at dei ikkje skal vera for tunge å bera på. Dei vert vanlegvis drivne av ein liten bensinmotor.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hagebruksreiskap
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.