Hagesalat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hagesalat
Hagesalat
Hagesalat
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Cichorioideae
Stamme: Cichorieae
Slekt: Salatslekta Lactuca
Art: Hagesalat L. sativa
Vitskapleg namn
Lactuca sativa

Hagesalat (Lactuca sativa), også kjend som bladsalat eller berre salat, er ein matplante i salatslekta i korgplantefamilien. Han har mange varietetar, som hovudsalat (Lactuca sativa var. capitata). Ein bruker særleg blada i salatrettar, men også stengel og frø kan brukast.

Ordet «salat» kjem via tysk frå italiensk (in)salata, 'rett tilreidd med salt'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Ma belle Salade». Teikning av salatseljar frå 1742.

Salaten blei først dyrka i det gamle Egypt, med spor etter dyrking frå så lang tilbake som 2680 f.Kr. Opphavleg nytta ein frøa til planteolje, men etterkvart blei planten foredla til å ha store, etande blad. Romarane åt gjerne salatblad kokte og med ei dressing av olje og eddik, men kunne eta småblad råe. Under keisar Domitian (regjert 81–96) blei det vanleg å servera salat før måltid. I mellomalderen fortsette europearar å eta salat, anten posjert eller med ei varm dressing helt over. Salaten blei rekna som ein medisinplante, og er mellom anna nemnd av Hildegard von Bingen. Han blei dyrka i Kina frå 400-talet, og blei innført til Amerika av Kristoffer Columbus i 1593.

Frå 1500- til 1700-talet blei det utvikla fleire varietetar av salat, særleg i Nederlanda. Fleire varietetar skildra i bøker frå 1700- og 1800-talet viser typer som framleis blir dyrka i dag. Dei største salatprodusentane i verda i dag er Kina, USA og India. Det største eksportlandet er Spania.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Ulike typar salat dyrka i Skottland.
  • bindsalat, cossalat, romanasalat, romainesalat eller romersk salat (Lactuca sativa var. longifolia) har lange, grove og saftige blad med kraftige bladribber. Blada er samla i eit langstrekt hovud. Salaten har kraftig smak. Han er den vanlegaste salattypen i middelhavslanda. Blada blir gjerne bundne saman for bleiking.
  • hjartesalat er ein type bindsalat med eit kompakt, lite hovud (12–15 cm langt), kraftig, kvit stengel og sprø, saftige blad som er lyse inst og mørkegrøne ytst.
  • krussalat, issalat eller sprøsalat (Lactuca sativa var. crispa) er ein salattype som ikkje dannar hovud og ikkje så lett går i stokk. Blada er sprøe og er lite bitre.
  • hovudsalat (Lactuca sativa var. capitata) er ein varietet med blad i tette hovud.
  • plukksalat er ein varietet med lause bladrosettar.
  • aspargessalat eller celtuce (Lactuca sativa var. augustana) er ein kinesisk varietet som særleg blir dyrka for stengelen.

Salat i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Porselensterrin frå ca. 1755 med form som eit salathovud.

I det gamle Egypt var salat rekna som ein heilag plante for grødeguden Min. Salat blei sett nær bilde av guden og boren ved høgtidene hans. Både egyptarane og romarane såg på planten som eit afrodisiakum. Grekarane knytte derimot salat til impotens og død. Dei serverte salat ved gravferder, og salat blei sådd og lete visna ved midsommarfeiringar av den kortliva grødeguden Adonis.[1]

I Kina er salat eit lukkesymbol som kan serverast ved nyttårsfeiringar, fødselsdagar og andre særskilde høve. Bitre salatblad, til dømes frå bindsalat, kan brukast som marór under den jødiske høgtida pesah. Salat er derimot tabu å eta for jesidiar i Nord-Irak.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Detienne, Marcel, 1972. Les jardins d'Adonis, translated by Janet Lloyd, 1977. The Gardens of Adonis, Harvester Press. Oppgjeve av Engelsk Wikipedia.
  2. MacFarquhar, Neil (3 January 2003), «Bashiqa Journal: A Sect Shuns Lettuce and Gives the Devil His Due», The New York Times, henta 1. september 2014 

  • Denne artikkelen bygger på «Lettuce» frå Wikipedia på engelsk, den 1. september 2014.
  • Bradley, Fern Marshall; Ellis, Barbara W.; Martin, Deborah L., red. (2009). The Organic Gardener's Handbook of Natural Pest and Disease Control. Rodale. ISBN 978-1-60529-677-7. 
  • Davey, M. R.; Anthony, P.; Van Hooff, P.; Power, J. B.; Lowe,, K. C. (2007). «Lettuce». Transgenic Crops. Biotechnology in Agriculture and Forestry. Volume 59. Springer. ISBN 978-3-540-36752-9. 
  • Katz, Solomon H.; Weaver, Williams Woys (2003). Encyclopedia of Food and Culture. Volume 2. Scribner. ISBN 978-0-684-80565-8. 
  • Weaver, Williams Woys (1997). Heirloom Vegetable Gardening: A Master Gardener's Guide to Planting, Seed Saving and Cultural History. Henry Holt and Company. ISBN 978-0-8050-4025-8. 
  • Watts, Donald (2007). Dictionary of Plant Lore. Academic Press. s. 226. ISBN 0-12-374086-X. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hagesalat