Hagåtña

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hagåtña
Agana, Agaña
by
Land  USA
Stad  Guam
 - koordinatar 13°29′00″N 144°45′00″E / 13.483333°N 144.75°E / 13.483333; 144.75
Areal 2,45 km²
Folketal 1 100  (2000)
Tidssone UTC+10
Kart
Hagåtña
13°29′00″N 144°45′00″E / 13.483333333333°N 144.75°E / 13.483333333333; 144.75
Wikimedia Commons: Hagåtña, Guam

Hagåtña (tidlegare engelsk Agana, spansk Agaña) er hovudstaden på den amerikanske stillehavsøya Guam.

Hagåtña er ein liten by, eller landsby, med rundt 1 000 innbyggjarar.[1] Han ligg sentralt på vestkysten av Guam ved munningen av Hagåtña-elva i Hagåtña-bukta.

Namnet på byen blei endra frå «Agana» (uttalt /agaɲa/) til Hagåtña (IPA [həˈɡɑtɲə] i 1998 for å stemma bedre med uttalen på det lokale språket chamorro. Førstedelen av namnet tyder 'blod' og viser til blodlinene til dei som oppretta busetnaden.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bilde av Agana tatt før andre verdskrigen.

Hagåtña var allereie før den spanske koloniseringa av Guam ein stor by. Då den første spanske misjonæren, San Vitores, kom til øya i 1668 blei han gjeven eit område i Hagåtña til å byggje ei kyrkje av høvding Kepuha. I dag er domkyrkja ein sentral bygning i Hagåtña. Tradisjonelle steinpilarar frå før spansketida, kjend som latte-steinar, ligg nær domkyrkja i Latte Park.[3]

Under det spanske styret blei mange av dei opphavlege innbyggjarane på Guam og resten av Marianane tvinga til å busetja seg i byen. Etter at Guam blei amerikansk eigedom i 1898 som følgje av Den spansk-amerikanske krigen blei byen verande hovudstad. Rundt 1940 hadde Agana eit innbyggjartal på nesten 10 000, og nesten halvparten av innbyggjarane på øya budde der.

Under andre verdskrigen kjempa USA hard for å ta øyane tilbake frå Japan. Byen blei då hardt skadd av amerikansk bombardement frå sjøen. Mange innbyggjarar flytta til andre delar av øya. I 2000 budde berre 1 100 av dei 154 805 innbyggjarane på Guam her.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Hagåtña
Litteratur
  • Rogers, Robert F., Destiny's Landfall: A History of Guam, University of Hawaiʻi 1995. ISBN 0-8248-1678-1
  • Carter, Lee D., Carter, Rosa Roberto og Wuerch, William L., Guam History: Persepectives Volume One, MARC 1997. ISBN 1-878453-28-9