Haile Selassie I av Etiopia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haile Selassie I av Etiopia

Hans Keisarlege Majestet Haile Selassie I (23. juli 189227. august 1975), (ge'ez Haylä Sǝlase ኃይለ፡ሥላሴ 'treeiningas makt') full tittel Hans keisarlege majestet, keisar Haile Selassie I, Løva av Juda, Guds utvalde, konganes konge av Etiopia var keisar av Etiopia frå 2. april 1930 til 12. september 1974. Då han vart fødd fekk han først namnet Lij Tafari Makonnen (amharisk lǝǧ Täfäri Mäkonnǝn ልጅ ተፈሪ መኰንን).

Haile Selassie var av fyrsteleg slekt, og fekk status som tronfølgjar i 1916. Keisarinna Zewditu (Zäwditu ዘውዲቱ) utnemnde han til konge i 1928. Då ho døydde, vart han keisar. Under den italienske invasjonen av Etiopia 1936-1941 levde han i eksil i Storbritannia. Då okkupasjonen var slegen attende, kom han attende og regjerte fram til han vart avsett i eit militærkupp i 1974. Han døydde i fengsel i 1975.

Tilhengjarane av religionen rastafari ser på Haile Selassie som Messias. Ordet er samansett av ras ራስ 'hovud; hertug', og täfäri ተፈሪ, som var det tidlegare mellomnamnet hans.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]